Siste nytt om koronaviruset i Bjørnafjorden kommune

Bjørnafjorden kommune følgjer råda frå nasjonale myndigheiter. 

Helsefagleg leiing i kommunen og kommunal kriseleiing følgjer helsesituasjonen hos oss tett. Vi informerer og set i verk tiltak i samsvar med nasjonale råd og utviklinga lokalt.

Sjå oversikt over talet på covid-19-tilfelle i Bjørnafjorden kommune i MSIS - Folkehelseinstituttet sin statistikkbank over smittsame sjukdommar.

Sjå informasjon om koronavaksinasjon i Bjørnafjorden kommune

Alle personar over 80 år kan no få 4. vaksinedose, dersom dei sjølve ønskjer det og ikkje har hatt korona etter 3. dose. Det må gå minimum 4 månader mellom 3. og 4. dose. Fjerde vaksinedose kan du ta på apotek eller legekontor.

Du treng ikkje lenger teste deg for korona ved nyoppståtte luftvegssymptom, men du kan ta ein sjølvtest om du ønskjer. 

Du treng heller ikkje registrere positiv test nokon stad.

Nuvaxovid er ein ny, proteinbasert koronavaksine, som bygger på meir tradisjonell vaksineteknologi enn mRNA-vaksinane frå Pfizer og Moderna.

Vaksinen er godkjent for deg som er 18 år og eldre. Du kan få Nuvaxovid som dose 1, 2 eller 3.

 

Siste dag for massevaksinering i Oshallen og Fjord'n senter er unnagjort.

Tilsette i kommunen, pensjonerte sjukepleiarar og frivillige frå lag og organisasjonar har stått på i 13 månader og saman gitt over 50 000 koronavaksinedosar til bjørnafjordingane.
        

Sjølv om dei fleste smitteverntiltak no er oppheva elles i samfunnet, gjeld framleis nokre tiltak på sjukeheimane våre.

Barn mellom 5 og 11 år kan få to dosar koronavaksine, dersom dei føresette og barnet sjølv ønskjer det.

 

 

Dei fleste fastlegar tilbyr koronavaksine. Alle over 12 år kan òg ta koronavaksine ved eitt av apoteka som tilbyr dette. Massevaksinering i Oshallen og Fjord'n senter er førebels sett på pause.

Bjørnafjorden kommune sender ikkje innkalling til vaksinering. Du må sjølv bestille time.
Koronavaksine er gratis.

 

Legekontora og legevakta opplever enorm pågang frå foreldre som er redde for at deira barn skal bli alvorleg sjuke av forkjølingsviruset RS. - Heldigvis blir dei færraste barn alvorleg sjuke av dette viruset, fortel kommuneoverlege Klaus Melf.


Sjølv om store delar av befolkninga no er vaksinert og myndigheitene har sagt at vi er i ein normalsituasjon, er det dessverre ein god del smitte i skulane våre. Førebels har det vore snakk om enkelttilfelle, og ikkje utbrot, men koronaviruset smittar lett om vi gløymer å følgje grunnleggande smittevernråd.

Kontakt

Koronatelefonen Bjørnafjorden kommune
Måndag og torsdag, kl. 13.30-15.30
Telefon: 47508412
Nasjonal informasjonstelefon om koronaviruset
Telefon: 81555015
Til toppen