Siste nytt om koronaviruset i Bjørnafjorden kommune

Bjørnafjorden kommune følgjer råda frå nasjonale myndigheiter. 

Helsefagleg leiing i kommunen og kommunal kriseleiing følgjer helsesituasjonen hos oss tett. Vi informerer og set i verk tiltak i samsvar med nasjonale råd og utviklinga lokalt.
Vi oppdaterer status for påviste smittetilfelle av covid-19 på denne sida og på Facebook-sida vår.  

Sjå oversikt over talet på covid-19-tilfelle i Bjørnafjorden kommune i MSIS - Folkehelseinstituttet sin statistikkbank over smittsame sjukdommar.

Sjå informasjon om koronavaksinasjon i Bjørnafjorden kommune

Treng du å bli testa for koronavirus?

Helsedirektoratet ber tilsette i barnehage og elevar og tilsette i barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule om å teste seg med hurtigtest før dei kjem tilbake til barnehagen eller skulen etter juleferien.
Målet er å fange opp og stanse smitte før oppstart.

Denne ordninga gjeld ikkje barn i barnehage.

 

Heimel: Fastsett av kommuneoverlegen, i samarbeid med kommunedirektøren i Bjørnafjorden kommune 19. november 2021 med heimel i lov 5. august 1994 nr. 55 om vern mot smittsame sjukdommar § 4-1 og krisefullmakta i overordna beredskapsplan for Bjørnafjorden kommune kap. 3, pkt. 4.

Legekontora og legevakta opplever enorm pågang frå foreldre som er redde for at deira barn skal bli alvorleg sjuke av forkjølingsviruset RS. - Heldigvis blir dei færraste barn alvorleg sjuke av dette viruset, fortel kommuneoverlege Klaus Melf.

- Smittesituasjonen i Bjørnafjorden er under kontroll, og det er ikkje aktuelt med lokale tiltak per i dag. Men vi følgjer sjølvsagt utviklinga nøye saman med omegnskommunane våre, Statsforvaltaren og helseføretaka, seier ordførar Trine Lindborg.

Ein mann i 80-åra frå Bjørnafjorden kommune som fekk påvist covid-19 sist veke, døydde i dag på Haukeland universitetssjukehus.


Sjølv om store delar av befolkninga no er vaksinert og myndigheitene har sagt at vi er i ein normalsituasjon, er det dessverre ein god del smitte i skulane våre. Førebels har det vore snakk om enkelttilfelle, og ikkje utbrot, men koronaviruset smittar lett om vi gløymer å følgje grunnleggande smittevernråd.

Hausten er her. Det same er rennande nasar, vonde halsar og heilt vanleg forkjøling.
Samstundes forsvinn ikkje koronaviruset med det første, og vi skal framleis vere varsame ved symptom på akutt luftvegsinfeksjon.

Ordninga med ei særskilt koronalegevakt for personar med luftvegssymptom blei avvikla sist veke, men dette påverkar ikkje teststasjonane.
Både teststasjonen i Kolskogen og teststasjonen i Eikelandsosen er opne som vanleg, og det er ingen planar om avvikling.

 

    

Kontakt

Koronatest-telefon Bjørnafjorden kommune
Du kan også bestille time for test på nett (sjå i artikkelen)
Telefon: 47508412
Nasjonal informasjonstelefon om koronaviruset
Telefon: 81555015
Til toppen