Siste nytt om koronaviruset i Bjørnafjorden kommune

Bjørnafjorden kommune følgjer råda frå nasjonale myndigheiter. 

Helsefagleg leiing i kommunen og kommunal kriseleiing følgjer helsesituasjonen hos oss tett. Vi informerer og set i verk tiltak i samsvar med nasjonale råd og utviklinga lokalt.
Vi oppdaterer status for påviste smittetilfelle av covid-19 på denne sida og på Facebook-sida vår.  

Sjå oversikt over talet på covid-19-tilfelle i Bjørnafjorden kommune i MSIS - Folkehelseinstituttet sin statistikkbank over smittsame sjukdommar.

Sjå informasjon om koronavaksinasjon i Bjørnafjorden kommune

Treng du å bli testa for koronavirus?

Co-mestring er eit digitalt sjølvhjelpsprogram for deg som opplever auka stress og uro i samband med covid-19/korona-pandemien. Programmet er utvikla av Helse Bergen, og er gratis for alle.

 

Ei kvinne i 30-åra busett i Bjørnafjorden kommune har testa positivt for det nye koronaviruset. Smittevernoverlege Bjørn Petter Aasheim Johannesen opplyser at ein ikkje veit korleis kvinna har blitt smitta av viruset (ukjent smitteveg), men at dei har god kontroll over kven kvinna har vore i nærkontakt med.

Dette er det 12. smittetilfellet av det nye koronaviruset i Bjørnafjorden kommune.

Karantene, isolasjon og manglande dagtilbod kan gjere at barn som i utgangspunktet ikkje har det så godt heime, er endå meir sårbare enn vanleg.

Er du bekymra for at eit barn treng akutt hjelp?
Vi er i beredskap heile døgnet.

 

NAV Bjørnafjorden opplyser at det er vedtatt endringar i dagpengeregelverket, med verknad frå måndag 30. mars. 

Er du isolert i heimen eller i heimekarantene, utan moglegheit til å få andre til å levere mat eller medisinar til deg eller familien din på ein trygg måte? Mange frivillige har registrert seg og er klare til å hjelpe!

    Det er påvist fire nye smittetilfelle av det nye koronaviruset i Bjørnafjorden i dag, 23. mars.

    Det er påvist to nye tilfelle av koronaviruset covid-19 i Bjørnafjorden i dag, 21. mars. Dei smitta er ein mann og ei kvinne i 40-åra. Smittevegen er kjent, og begge har vore i isolasjon før dei fekk symptom.  
    Totalt er det no sju tilfelle av påvist koronasmitte i Bjørnafjorden kommune.

    Ei kvinne i Bjørnafjorden kommune har testa positivt for koronaviruset covid-19 i dag, 20. mars. Dette er det første smittetilfellet som er stadfesta på Fusa-sida. Kvinna er i 20-åra.

    - Smittevegen er kjent. Det er ikkje mistanke om spreiing utanfor hushaldet, seier smittevernlege i Bjørnafjorden kommune, Klaus Melf.

     

     

    Det blir digitalt møte i Bjørnafjorden kommunestyre søndag 22. mars klokka 16.00-18.00.

    Vi har alle fått ein annleis kvardag. Dei som vanlegvis deltar i tilrettelagte aktivitetar og/eller har støttekontakt, føler gjerne ekstra mykje på at det blir litt stille og kjedeleg.
    Dei flinke folka i kultureininga som jobbar med fritidsaktivitetar for seniorar og personar med nedsett funksjonsevne, og vårt eminente bibliotek, har samla ei god liste med tips til varierte digitale aktivitetar og opplevingar.

    Her er det noko for alle - vi treng jo alle litt tilrettelagt fritid om dagen.

    Kontakt

    Koronatest-telefon Bjørnafjorden kommune
    Du kan også bestille time for test på nett (sjå i artikkelen)
    Telefon: 47508412
    Nasjonal informasjonstelefon om koronaviruset
    Telefon: 81555015
    Til toppen