Bestill time for tredje vaksinedose no

Jesse Paul/Unsplash Kvar onsdag framover er det koronavaksinasjon i Oshallen og Fjord'n senter.

Du er hjarteleg velkommen til å ta første, andre eller tredje dose.

Du kan allereie no bestille time til ein av dei neste fem onsdagane.

  • Alle over 18 år kan få tredje dose.
  • Det må gå minimum 20 veker mellom andre og tredje dose.
  • Du blir ikkje innkalla til vaksinasjon, men må bestille time sjølv.

Du kan allereie no bestille time til ein av dei neste fem onsdagane.

Klikk her for å bestille time på nett 

Du kan òg bestille time ved å ringe 913 58 649

God beskyttelse

- Oppfriskingsdosen med koronavaksine beskyttar godt mot smitte og svært godt mot utvikling av alvorleg koronasjukdom. Så snart det har gått 20 veker sidan dose 2, bør du ta dose 3. Det er faktisk ganske mange bjørnafjordingar som enno ikkje har tatt tredje dose, sjølv om det er over 20 veker sidan dei fekk dose 2. Det er berre å bestille time, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

Ta imot tilbodet!

- Vaksinasjon er det viktigaste verkemiddelet vi har for å få ein ende på pandemien. Difor er det viktig at så mange som mogleg tar imot tilbodet om vaksine - anten det er første, andre eller tredje dose, oppmodar Melf.

Til toppen