FHI anbefaler fjerde vaksinedose til deg over 75 år

Illustrasjonsfoto. Mufid Manjun, Unsplash Folkehelseinstituttet (FHI) anbefaler no fjerde vaksinedose (eller andre oppfriskingsdose, om du vil) til alle over 75 år, sjukeheimsbebuarar og eldre med heimeteneste. 

Det må vere minimum 4 månader sidan sist koronavaksinedose, og minimum 3 veker sidan gjennomgått koronainfeksjon.

Ta vaksine hos legen eller apotek

- Dersom du er i målgruppa for fjerde dose, kan du bestille time hos fastlegen din eller på eitt av dei fire apoteka i Bjørnafjorden kommune som tilbyr koronavaksine, fortel kommuneoverlege Klaus Melf.Kommuneoverlege Klaus MelfSjå: Slik bestiller du koronavaksine

Sjukeheim og heimetenestene vil hjelpe med vaksinering av bebuarar/brukarar som ikkje kan ta vaksine hos legen eller på apotek.

Massevaksinering i haust

- Vi førebur samstundes ein runde massevaksinering med 4. dose i siste halvdel av august. Myndigheitene har òg varsla oss om å førebu massevaksinering i september av innbyggarar mellom 65 og 74 år, og yngre med kronisk sjukdom, opplyser Melf.

Til toppen