Fjerde vaksinedose til personar over 80 år og femte dose til alvorleg immunsupprimerte
Ivan Diaz/Unsplash
Alle personar over 80 år kan no få 4. vaksinedose, dersom dei sjølve ønskjer det og ikkje har hatt korona etter 3. dose. Det må gå minimum 4 månader mellom 3. og 4. dose. Fjerde vaksinedose kan du ta på apotek eller legekontor.
Bestill koronavaksine
Folkehelseinstituttet (FHI) trur at effekten av ein oppfriskingsdose no vil vere mindre i Noreg enn i andre land med meir smitte, men vil likevel tilby ein slik dose til dei over 80 år. FHI understrekar at ein vaksinedose no ikkje nødvendigvis utelukkar behov for ytterlegare oppfriskingsdose til hausten når dei ventar at smitten vil auke hos oss.
Femte dose til alvorleg immunsupprimerte
Fjerde dose har så langt berre vore eit tilbod til personar med immunsupprimert tilstand. FHI opnar no for at alvorleg immunsupprimerte pasientar som har fått 4. dose, skal få ein 5. dose. Pasienten kan ta vaksinen hos fastlegen sin eller ved Moberg legesenter og Eikelandsosen legekontor, då med dokumentasjon på vaksinasjonsbehovet frå fastlegen.
Publisert av Ragnhild Stende Bjaadal
Sist endra 05.05.2022 13.35