Forskrift om smitteverntiltak i Bjørnafjorden kommune, Vestland

Heimel: Fastsett av kommuneoverlegen, i samarbeid med kommunedirektøren i Bjørnafjorden kommune 19. november 2021 med heimel i lov 5. august 1994 nr. 55 om vern mot smittsame sjukdommar § 4-1 og krisefullmakta i overordna beredskapsplan for Bjørnafjorden kommune kap. 3, pkt. 4.

§ 1 Formål og verkeområde 

Forskriftas formål er å fastsette smittevernfaglege tiltak for å hindre eller avgrense spreiing av SARS CoV-2 i befolkninga og blant helsepersonell, og for å sikre at tilstrekkeleg kapasitet i helse- og omsorgstenesta blir oppretthalde, slik at tenesta kan handtere smittesituasjonen og samtidig ivareta ordinære helse- og omsorgstenester, i periodar der smittetala er stigande eller høge.

Forskrifta gjeld i Bjørnafjorden kommune. 

§ 2 Skjenkestader, restaurantar, kaféar og kantiner

Skjenkestader, restaurantar, kaféar, kantiner og andre serveringsstader, skal føre oversikt over gjester. Namn og telefonnummer skal registrerast og i tillegg tidspunkt og dato for besøket. Gjester skal informerast om at ei slik oversikt blir skrive ned. Lista skal oppbevarast i tråd med krav til personvern, og skal slettast etter 14 dagar.

Kontaktopplysningane skal berre brukast for å bistå kommunen ved ei eventuell seinare smittesporing etter smittevernlova § 3-6. Liste over gjester skal på førespurnad frå smittevernkontoret sendast over i tekstformat, anten i ODF eller OOXML-format, i tråd med forskrift om IT-standardar i offentleg forvaltning.

§ 3 Bruk av munnbind

Når det er fare for at det ikkje er mogleg å halde minst ein meters avstand, ut over kortvarige passeringar, til andre enn husstandsmedlemmer, skal det brukast munnbind på butikkar, i fellesareala på kjøpesenter, på kollektivtransport og i taxi.

Bruk av munnbind i taxi skal skje på følgjande måte: Munnbindet skal takast på før passasjeren set seg inn i taxien, og skal ikkje takast av før reisa er avslutta og passasjeren har gått ut av taxien. Plikta til å bruke munnbind gjeld tilsvarande for sjåfør når det er passasjer i taxien.

Krav om å bruke munnbind gjeld ikkje for barn under 12 år, eller for dei som av medisinske eller andre årsaker ikkje kan bruke munnbind.

§ 4 Ikraftsetjing og varigheit

Forskrifta tar til å gjelde 22. november 2021 kl. 00.00 og gjeld til og med 20. desember 2021.

Til toppen