Gjer koronasituasjonen deg uroleg og stressa? Prøv sjølvhjelpsprogrammet Co-mestring

Co-mestring Co-mestring er eit digitalt sjølvhjelpsprogram for deg som opplever auka stress og uro i samband med covid-19/korona-pandemien. Programmet er utvikla av Helse Bergen, og er gratis for alle.

I denne perioden er vi mange som spør oss sjølve: Kva gjer vi nå? Kva gjer eg nå når kvardagen er snudd opp-ned av karantene og/eller sosial isolasjon? Kva gjer eg nå når eg er redd for at dei eg er glad i skal bli sjuke? Kva gjer eg når jeg er isolert heime? Kva gjer vi om økonomien blir usikker? Og kva gjer vi nå når vi ikkje kan besøke kvarandre?
I sjølvhjelpsprogrammet co-mestring vil du lære om milde og moderate psykiske reaksjonar på korona-situasjonen, og du vil få kunnskap og verktøy for å handtere dette. Du får dagleg lese tekst og gjere øvingar som du kan bruke for å trene på å handtere kvardagen din.

Gå til Co-mestring si nettside

Til toppen