Dette bør du gjere dersom du er sjuk
Dersom du er sjuk, bør du halde deg heime til du er frisk - uavhengig av eventuelt testresultat. Anbefalinga om heimeisolering i fire døgn ved koronasmitte, er oppheva. Du treng heller ikkje registrere positiv sjølvtest nokon stad.
Du kan gå tilbake på jobb med restsymptom som rennande nase, hesheit og hoste. Dersom du berre er lett forkjøla, treng du ikkje vere borte frå jobb.
Sjå også: Kva skal du gjere ved nyoppståtte luftvegssymptom? (FHI)
Dersom du ønskjer å ta ein sjølvtest, kan du framleis hente gratis testar ved teststasjonane, alle legekontor og ei rekke andre stader i kommunen, sjå oversikt over alle utleveringsstader.
Kven kan ta PCR-test på teststasjonen?
Berre dei med positiv hurtigtest som kan trenge dokumentasjon i samband med vaksinasjon eller koronasertifikat:
- Personar som er over 18 år og ikkje har tatt 3. vaksinedose eller hatt positiv PCR-test siste tre månader
- Personar under 18 år som manglar 2. vaksinedose og ikkje har hatt positiv PCR-test før. (PCR-test tel som ein vaksinedose i koronasertifikatet)
Frå 1. mai er teststasjonen i Kolskogen open måndagar og torsdagar, kl. 13.30-15.30. Teststasjonen i Eikelandsosen er open etter avtale. Sjå: Bestill PCR-test på teststasjon