Koronastatus i Bjørnafjorden kommune veke 1

Bjørnafjorden kommune rapporterer koronastatus til Statsforvaltaren kvar veke.
Rapporten inneheld mellom anna smittetal, risikovurdering, aktuelle tiltak og status for vaksinasjonsarbeidet.

Heilskapleg situasjonsbilete

I veke 1/2022 blei det registrert 62 nye smitteilfelle, mot 56 veka før. Det ser altså ut til at nedgangen har stoppa opp. Truleg er smitten no stigande igjen på grunn av omikron. Smittetala aukar også i nabokommunane våre.
18 av smittetilfella er omikrontilfelle.

  • Vi har ikkje fått den smitteauken vi gjerne forventa etter juleferien. Dei strenge nasjonale tiltaka har verka veldig godt mot Delta-varianten. Det ser ut til at Delta-bølgja er på retur, medan vi får stadig fleire omikrontilfelle.
  • Vi har framleis stort press på tenestene. Vi har ingen utbrot i barnehage/skule eller institusjonar, men vi har store utfordringar med å ta imot utskrivingsklare pasientar.
  • Vi veit enno ikkje korleis omikron vil utvikle seg. Dersom det kjem ei omikronbølgje, av eit slikt omfang som FHI tidlegare har varsla om, vil vi få store kapasitetsutfordringar.
  • Vi følgjer utviklinga nøye saman med omegnskommunane våre, Statsforvaltaren og helseføretaka for å samordne anbefalingar og tiltak i vår felles bu- og arbeidsregion.

Dei smitta er:

  • 35 % under 18 år 
  • 65 % av dei smitta er vaksne over 18 år (berre 2 % er over 65 år)
  • 13 % har fått tre vaksinedosar, 44 % to vaksinedosar, 6 % ein vaksinedose og 34 % er uvaksinerte.
  • 24 % har ukjend smitteveg og 76 % har kjend smitteveg. Dei fleste med kjend smitteveg er smitta i husstanden.

Testkapasitet 

  • Testkapasiteten er god.
  • Det blei tatt 320 PCR-testar sist veke, mot 333 veka før (og 550 før det).
  • Før skulestart blei tilsette og elevar frå barneskule og ungdomsskule + vidaregåande skule + tilsette i barnehage gitt høve til å teste seg med sjølvtestar. Det blei ikkje avdekka mange smittetilfelle ved denne sjølvtestinga.  

Vaksinering

  • Vi kan ikkje vaksinere raskare med dose 3 enn tidsintervalla tillet.
  • Vi vaksinerer no fortløpande alle som fekk 2. dose for 4,5 mnd./20 veker sidan.
  • Vi høyrer til kommunane som måtte gi frå oss dosar til Austlandet i sommar. Dei store tala kjem difor først i februar os oss.
  • Det er massevaksinering kvar onsdag framover både på Os og i Eikelandsosen. Massevaksinasjonstilbodet vil bli trappa opp ved behov utover i januar og februar. 
  • Vi jobbar med sms-innkalling igjen for å få fleire til å møte fram til 3. dosevaksinering

Influensavaksinering er i hovudsak ferdig.

Status for vaksinering 3. dose 

  • 31 % av alle innbyggarane har fått 3. dose.
  • Utsette grupper: Ferdigstilt
  • Alle over 45 år: Vaksinering pågår
    • Over 90 % av 65+ har fått 3. dose.
    • Vaksinering av 45-64 år pågår: Ca. 45 % har no fått 3. dose.
  • Alle 18-44 år: Påbegynt
    • Helsepersonell og personar i risikogrupper har fått hittil (litt over 1000 personar).

Tiltak

Vi følgjer dei nasjonale tiltaka i forskrift og rettleiingar.

Til toppen