Smitte
Det blei registrert 126 nye smitta (PCR-testar ved teststasjonen) i Bjørnafjorden kommune i veka som gjekk. Dette er det høgaste talet på smitta i løpet av ei veke i kommunen vår (121 i veke 49).
Vi har fått påvist det første omikrontilfellet - ved innreise frå utlandet.
Alder:
- 56 barn og unge, i alderen 0 til 17 år.
- 74 vaksne (over 18 år).
Vaksinasjonsstatus:
- 31 % av dei smitta er fullvaksinerte, 13 % delvis vaksinerte og 55 % uvaksinerte.
Kor blei dei smitta?
- 51 % er smitta i husstanden, 11 % på fritida, 10 % gjennom utbrot i skule, 5 % på jobb.
Kjend eller ukjend smitteveg?
- 25 % har ukjend smitteveg. 75 % av dei smitta har kjend smittekjelde.
Risikovurdering
- Det er høge smittetal. Vi har auka sjukefråvær i fleire tenester (helse, barnehage, skule) og stort press på tenestene.
- Vi har ingen utbrot i institusjonar.
- Vi følgjer utviklinga nøye saman med omegnskommunane våre, Statsforvaltaren og helseføretaka for å samordne anbefalingar og tiltak i vår felles bu- og arbeidsregion.
Tiltak
Vi har hatt tett samordning i bergensregionen dei siste vekene. Kommuneoverlegane i fleire av nabokommunane til Bergen vedtok ny lokal forskrift 15.12. om smittekaranteneplikt også for barn/unge under 18 år, som er andre nærkontaktar. Forskrifta gjeld tom. 21.12.2021. og er lik nabokommunane sine nye lokale forskrifter.
Les også:
Slik går du fram for å ta koronatest
Kva gjer du ved symptom på luftvegsinfeksjon? Råd om du eller barnet ditt er sjuke.
Vaksinasjon
3. dose-koronavaksinering:
- 3. dosevaksinering av utsette grupper er i hovudsak ferdig.
- Ca. 90 % av personar over 65 år har fått 3. dose.
Spesielle utfordringar knytt til vaksinering:
- Vi kan ikkje vaksinere raskare med 3. dose enn tidsintervalla tillet. Der må vere 4,5 månader mellom andre og tredje dose.
Slik bestiller du koronavaksine
Influensavaksine:
Influensavaksineringa er òg i hovudsak ferdig. Restdosane går til fastlegane for restvaksinering.
Testing
- 776 PCR-testar tatt ved teststasjonane i veke 50. Talet aukar med minkande tilgang på sjølvtestar.
- Tilgangen på smittevernutstyr er god, men vi har utfordringar med å skaffe nok hurtigtestar. Etterspørselen er svært stor med så mykje smitte i kommunen. Det er no berre ved nyoppståtte symptom vi deler ut hurtigtestar, ikkje til nærkontaktar som allereie skal vere i karantene og ta PCR-test.