Smitte
Det blei registrert 71 nye smitta (PCR-testar ved teststasjonen) i Bjørnafjorden kommune i veka som gjekk. Dette er ein markant nedgang frå 126 smittetilfelle veka før.
Vi har fått fem nye omikrontilfelle - alle ved innreise frå utlandet. Så langt har vi registrert seks omikrontilfelle totalt i Bjørnafjorden.
Alder:
- 21 barn og unge, i alderen 0 til 17 år.
- 50 vaksne (over 18 år). Ingen av dei smitta smitta i veke 51 er over 65 år. Det ser altså ut til at 3. vaksinedose fungerer godt mot Delta-varianten av viruset.
Vaksinasjonsstatus:
- 39 % av dei smitta er fullvaksinerte, 6 av desse har fått 3. dose. 1 person er delvis vaksinert og 59 % uvaksinerte.
Kor blei dei smitta?
- 45 % er smitta i husstanden, 17 % på fritida, 8 % på skule/barnehage, 4 % på annan arbeidsstad.
Kjend eller ukjend smitteveg?
- 25 % har ukjend smitteveg. 75 % av dei smitta har kjend smitteveg.
Risikovurdering
- Middels risiko.
- Det er høge smittetal. Vi har auka sjukefråvær i fleire tenester (helse, barnehage, skule) og stort press på tenestene.
- Vi har ingen utbrot i institusjonar.
- Det ser ut til at Delta-bølgja er på retur. Vi har så langt fått seks omikrontilfelle, alle frå utlandet, og forventar at det kan kome ei omikronbølgje, slik FHI har varsla.
- Vi følgjer utviklinga nøye saman med omegnskommunane våre, Statsforvaltaren og helseføretaka for å samordne anbefalingar og tiltak i vår felles bu- og arbeidsregion.
Tiltak
Vi følgjer dei nasjonale tiltaka i forskrift og rettleiingar.
Les også:
Slik går du fram for å ta koronatest
Kva gjer du ved symptom på luftvegsinfeksjon? Råd om du eller barnet ditt er sjuke.
Vaksinasjon
3. dose-koronavaksinering:
- 3. dosevaksinering av utsette grupper er i hovudsak ferdig.
- Ca. 90 % av personar over 65 år har fått 3. dose.
Spesielle utfordringar knytt til vaksinering:
- Vi kan ikkje vaksinere raskare med 3. dose enn tidsintervalla tillet. Der må vere 4,5 månader mellom andre og tredje dose.
- Vi vaksinerte litt over 700 personar på massevaksinering 22. desember, men hadde kapasitet til 1000.
Slik bestiller du koronavaksine
Influensavaksine:
Influensavaksineringa er òg i hovudsak ferdig. Restdosane går til fastlegane for restvaksinering.
Testing
- Teststasjonane i Bjørnafjorden kommune er opne som vanleg frå 27. desember. Sjå: Bestill test på teststasjonen
- Tilgangen på smittevernutstyr er god, men vi har utfordringar med å skaffa nok hurtigtestar - etterspørselen er svært stor med så mykje smitte i kommunen. Dei siste vekene har hurtigtestar vore prioriterte kritisk helsepersonell og elles etter samråd med lege.
-
Vi har fått nye leveransar av hurtigtestar. Desse vil bli leverte ut til legekontor, teststasjon og andre hentestader i kommunen i løpet av tysdag 28. desember. Nærkontaktar til påviste smittetilfelle og personar med symptom kan hente to testar. Testane er gratis.
Sjå: Hurtigtest og hentestader i Bjørnafjorden kommune