Koronastatus i Bjørnafjorden kommune veke 52 og starten av veke 1

Bjørnafjorden kommune rapporterer koronastatus til Statsforvaltaren kvar veke.
Rapporten inneheld mellom anna smittetal, risikovurdering, aktuelle tiltak og status for vaksinasjonsarbeidet.

Smitte

Det blei registrert 56 nye smitta (PCR-testar ved teststasjonen) i Bjørnafjorden kommune i veke 52 i 2021 og starten av veke 1 i 2022. Dette er ein vidare nedgang i smittetala.
Vi ser ein nedgang for Delta-bølgja, og det tyder på at tiltaka har hatt effekt.
Åtte av smittetilfella sist veke er sannsynlege omikrontilfelle. Ikkje alle er knytte til innreise frå utlandet.

Alder:

  • 21 barn og unge, i alderen 0 til 17 år.
  • 35 vaksne (over 18 år). 

Vaksinestatus og smitteveg

  • 5 % av dei smitta har fått 3. dose, 43 % har fått to vaksinedosar, 4 % har fått éin vaksinedose og 48 % er uvaksinerte.
  • 13 % har ukjend smitteveg.
  • 87 % av dei smitta har kjend smittekjelde.
    • 68 % er smitta i husstanden, 18 % på fritida og 2 % på jobb.

Risikovurdering

  • Det er framleis høge smittetal, sjølv om vi har hatt nedgang dei siste to vekene. Vi har stort sjukefråvær i fleire tenester (helse, barnehage, skule) og svært utfordrande bemanningssituasjon i pleie- og omsorgstenestene.
  • Vi har ingen utbrot i institusjonar.
  • Det ser ut til at Delta-bølgja er på retur. Vi har så langt seks bekrefta og åtte sannsynlege omikrontilfelle. Vi veit enno ikkje korleis omikron vil utvikle seg. Dersom det kjem ei omikronbølgje av eit slikt omfang som FHI har varsla om, vil vi få store kapasitetsutfordringar.
  • Vi følgjer utviklinga nøye saman med omegnskommunane våre, Statsforvaltaren og helseføretaka for å samordna anbefalingar og tiltak i vår felles bu- og arbeidsregion.

Tiltak

Vi følgjer dei nasjonale tiltaka i forskrift og rettleiingar.

Les også:

Slik går du fram for å ta koronatest

Vaksinasjon

3. dose-koronavaksinering:

  • Det er massevaksinering kvar onsdag framover både på Os og i Eikelandsosen. Massevaksinasjonstilbodet vil bli trappa opp ved behov utover i januar og februar.

Slik bestiller du koronavaksine

  • 3. dosevaksinering av utsette grupper og 65+ er i hovudsak ferdig.
  • Ca. 90 % av 65+ har no fått 3. dose.
  • Influensavaksineringa er òg i hovudsak ferdig. Fastlegane har fått restdosane for restvaksinering.  

Spesielle utfordringar: Vi kan ikkje vaksinere raskare med dose 3 enn tidsintervalla tillet. Vi vaksinerer no fortløpande alle som fekk 2. dose for 4,5 mnd./20 veker sidan. Bjørnafjorden høyrer til kommunane som måtte gi frå seg dosar til Austlandet i sommar. Dei store tala kjem difor først i februar hos oss.

Testing

  • Testkapasiteten er god. Det blei tatt 333 PCR-testar sist veke, mot 550 veka før.
  • Tilgangen på smittevernutstyr er god, men vi har utfordringar med å skaffa nok hurtigtestar - etterspørselen er svært stor med så mykje smitte i kommunen. 
  • Nærkontaktar og personar med symptom kan hente 2 hurtigtestar.

Sjå: Hurtigtest og hentestader i Bjørnafjorden kommune

  • Testing før skulestart: Vi har prioritert testar til barn og tilsette i barneskule og ungdomsskule, og tilsette i barnehagar. Sjølvtestar blir delte ut til tilsette for testing på planleggingsdagen 3. januar. Føresette til skulebarn/-ungdom kan hente testar på sine skular. Les meir: Sjølvtest før skulestart etter juleferien.
    Dei vidaregåande skulane gir sjølve informasjon til sine elevar og tilsette.

 

 

 

 

Til toppen