Koronavaksine til 12-15-åringar

Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune Barn og unge i alderen 12 til 15 år kan få inntil to dosar koronavaksine. 

Denne aldersgruppa får Pfizer-vaksinen. Alle som får tilbod må vere fylt 12 år. 
12-15-åringar kan få dose 2 minst 3 veker etter dose 1 (anbefalt intervall er 8-12 veker). Dersom du har hatt korona, må du vente minimum 3 veker (anbefalt 12 veker) frå positiv test før ein vaksinedose.

Barn og ungdom treng berre to vaksinedosar eller éin dose + gjennomgått infeksjon påvist med PCR-test for uavgrensa EU-koronasertifikat.

Dersom du har tatt éin vaksinedose og i tillegg hatt korona, skal du ikkje ta fleire koronavaksinar.

Les meir: Koronavaksine for ungdom 12-15 år (FHI)

Ta kontakt med eitt av apoteka som tilbyr koronavaksine eller med fastlegen for å bestille time.

NB! Føresette må signere og ta med samtykkeskjema:

Last ned og skriv ut samtykkeskjema 

Ta med det signerte samtykkeskjemaet til vaksinasjonen. Ved delt foreldreansvar, må begge føresette samtykke. Vi godtar skanna signatur. 

Til toppen