Koronavirus: 20. mars: Nytt tilfelle av koronasmitte i Bjørnafjorden

Ei kvinne i Bjørnafjorden kommune har testa positivt for koronaviruset covid-19 i dag, 20. mars. Dette er det første smittetilfellet som er stadfesta på Fusa-sida. Kvinna er i 20-åra.

- Smittevegen er kjent. Det er ikkje mistanke om spreiing utanfor hushaldet, seier smittevernlege i Bjørnafjorden kommune, Klaus Melf.

 

 

Etter retningslinjer frå nasjonale helsemyndigheiter testar vi no ikkje alle som mistenker smitte, berre personar som tilhøyrer risikogrupper eller utvalde yrkesgrupper. Du kan lese meir om dette her.

Totalt er det no fem tilfelle av påvist koronasmitte i Bjørnafjorden kommune. I tillegg til dette tilfellet, testa éin person positivt 11. mars, to personar 14. mars og ein 19. mars.

Til toppen