Ønskjer du koronavaksinen Nuvaxovid?

Sprøyte inn i modell av koronavirus - Klikk for stort bilete Ivan Diaz/Unsplash Nuvaxovid er ein ny, proteinbasert koronavaksine, som bygger på meir tradisjonell vaksineteknologi enn mRNA-vaksinane frå Pfizer og Moderna.

Vaksinen er godkjent for deg som er 18 år og eldre. Du kan få Nuvaxovid som dose 1, 2 eller 3.

Enkelte har ikkje tatt koronavaksine fordi dei av ulike årsaker ikkje ønskjer mRNA-vaksine. Desse kan no få tilbod om denne andre vaksinetypen.

Dagens kunnskapsgrunnlag gir i følgje FHI ikkje samla sett noko grunnlag for å anbefale Nuvaxovid framfor mRNA-vaksinar, verken ved grunnvaksinasjon eller oppfriskingsdose.

Les meir om Nuvaxovid

Dersom du ønskjer koronavaksinen Nuvaxovid, ta kontakt med Moberg legesenter
Vaksinen vil vere tilgjengeleg frå veke 11.

Til toppen