Siste dag for massevaksinasjon på onsdag

Siste sjanse for å ta koronavaksinen i ein idrettshall er på onsdag. Os og Fusaposten Etter 13 månader og over 50 000 sette koronavaksinedosar, er det no siste innspurt for massevaksinasjon i Oshallen og Fjord'n senter. Siste dag er førstkommande onsdag, 23. februar. Etter dette kan du få koronavaksine hos legen eller på enkelte apotek. Koronavaksine er gratis.

Bestill time til siste dag med massevaksinasjon eller kom på drop-in mellom klokka 8.30 og 11.15 i Oshallen og mellom klokka 8.30 og 10 i Fjord'n senter.

Svært mange er ferdigvaksinerte

- 12 781 bjørnafjordingar har fått tredje vaksinedose. Det vil seie om lag halvparten av alle som bur i kommunen vår.
Av dei over 65 år, er godt over 90 prosent vaksinerte med tre dosar. Når så mange er ferdigvaksinerte, er det rett og slett for låg etterspurnad til å halde fram med denne typen massevaksinering, fortel kommuneoverlege Klaus Melf.

Ta vaksinen på apotek eller hos legen

Frå og med neste veke kan du ta koronavaksinen på apotek (frå 18 år) eller hos fastlegen din (med unntak av Flåten legesenter).

Til toppen