Skulane og barnehagane i Bjørnafjorden får hurtigtestar til utdeling måndag 3. januar. Då er det planleggingsdag for dei tilsette, og fri for barn og elevar.
Dei vidaregåande skulane gir sjølve informasjon til sine elevar og tilsette.
Til deg som er føresett til elevar i barneskule og ungdomsskule
- Hent hurtigtest til ditt barn/din ungdom på eigen skule kl. 14-16, måndag 3. januar. Ein test per elev. Du kan òg bruke sjølvtestar/hurtigtestar du har heime - det er ikkje nødvendig å hente om du allereie har test liggande.
Tilsette i barnehage/skule
- Hurtigtest blir delt ut på arbeidsplassen, etter nærare informasjon frå leiar.
- Tilsette testar seg på planleggingsdagen så snart testane er tilgjengelege.
Slik går du fram
Testen skal tas tidlegast 24 timar før skulestart. For elevane betyr dette den 3. januar (helst om kvelden) eller om morgonen den 4. januar.
- Negativ test: Elevar kan gå på skulen/tilsette i barnehagen, så lenge dei er friske. Hald dei heime dersom dei er sjuke eller har symptom, sjølv om testen er negativ.
- Positiv test: Hald deg heime, isoler deg frå dei du bur med (om du kan) og ring smittesporingsleiar på telefon 908 34 884. Les kva du gjer om hurtigtesten er positiv. Du må sjølv melde ifrå til nærkontaktane dine og seie at det er anbefalt at dei testar seg med hurtigtest.
- Testen viser «Invalid»: Ta ny test.
Hald deg oppdatert
Her finn du oversikt over tiltak, testing, reglar ved isolasjon/karantene, vaksinasjon og annan koronarelatert informasjon i Bjørnafjorden kommune.
På helsenorge.no kan du lese meir om det nasjonale reglane og anbefalingane.
Vi ønskjer alle eit godt og friskt nytt år og velkomne tilbake etter juleferien!