Tusen takk for tusenvis av stikk!

Bakerst frå venstre: Kommunalsjef Helse og velferd Monica Totland Melvold, Atle Vågstøl (frivillig), assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale og Harald Døsen (frivillig). Andre rekke frå venstre: Ordførar Trine Lindborg, vaksinasjonskoordinator Nina Oen, sjukepleiar Franzisca Quaas, Vigdis Bakkane, Kristian Strønen, Marit Tveiten og Else Bjørndal (frivillige). Første rekke, frå venstre: Irene Magnussen, Anette Lyssand, Lisa Hægland og Tone Løvås (frivillige) Benjamin Søgnen Olsen/Os og Fusaposten Siste dag for massevaksinering i Oshallen og Fjord'n senter er unnagjort.

Tilsette i kommunen, pensjonerte sjukepleiarar og frivillige frå lag og organisasjonar har stått på i 13 månader og saman gitt over 50 000 koronavaksinedosar til bjørnafjordingane.
        

Vaksineteamet avdeling Eikelandsosen fekk overrekt kake frå kommunedirektør Christian Fredrik Fotland på siste massevaksinasjonsdag. Christian Fredrik Fotland

- Berre godord

- Vi er så imponerte over kva de har fått til gjennom heile denne perioden. Logistikken har vore upåklagleg, og eg har berre høyrt godord frå innbyggarane våre om heile vaksinasjonsopplegget.
Tusen, tusen takk til kvar og ein av dykk som har bidratt med vaksinering, smittesporing og testing, sa kommunalsjef Helse og velferd Monica Totland Melvold, då ho saman med ordførar Trine Lindborg og kommunalsjef Christian Fredrik Fotland takka vaksineteamet på begge sider av fjorden i dag.

Til toppen