Utvida dagpengeperiode og høve til å søke forskot på dagpengar

NAV Bjørnafjorden opplyser at det er vedtatt endringar i dagpengeregelverket, med verknad frå måndag 30. mars. 

Utvida dagpengeperiode for personar som nærmar seg maksgrensa

Nokre personar ville nådd sin maksimale dagpengeperiode før 30. juni 2020. For dei som var dagpengemottakar før 1. mars, blir ytinga forlenga til og med 30. juni. Utvidinga gjeld òg for dei som var permittert før 1. mars. For denne gruppa vil staten betale dagpengar utover dagens regelverk som seier 26 veker.
Det blir òg gjort endringar for mottakarar av arbeidsavklaringspengar som søker jobb. Les meir om dette på regjeringen.no.

Forskot på dagpengar

NAV gjer det mogleg å søke om forskot på dagpengar frå og med måndag 30. mars. Pengane kan utbetalast før påske. Endringane gjeld permitterte og arbeidsledige. For å kunne få forskot på dagpengar må du ha søkt om dagpengar, fylle grunnleggande vilkår for rett på dagpengar og søke om forskot.

Det kjem meir informasjon om dette på nav.no i løpet av 30. mars.

nav.no blir oppdatert dagleg

NAV Bjørnafjorden oppmodar både arbeidstakarar og arbeidsgivarar til å halde seg oppdatert på samlesida Koronavirus – hva gjelder i min situasjon?
Arbeidsgivarar med behov for arbeidskraft kan òg søke og finne kandidatar på Arbeidsplassen.no.

Til toppen