- Vi kan ikkje lengre halde smitten unna

FHI Vi er inne i ein ny fase av pandemien. Tre vaksinedosar beskyttar godt mot alvorleg sjukdom, og omikronvarianten er mindre farleg for dei aller fleste. Dei fleste smitteverntiltaka i samfunnet er difor oppheva, og likevel - eller nettopp derfor - er smitten overalt.

- Eg forstår godt at det kan verke litt skremmande at vi no slepp opp, etter at det aller meste dei to siste åra har handla om å slå ned og hindre smitte. Det er ein akseptert risiko at smitten no spreier seg. Heldigvis har det vist seg at er det få som blir så sjuke av omikron at dei blir innlagte på sjukehus. Av dei som blir innlagt, blir dei alle fleste skrivne ut igjen etter kort tid. Det er få som har behov for intensivbehandling, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

Nokre vil ikkje tole covid

- Vi ser no smitte hos folk som har hatt korona før, og vi kan rekne med at nokre vil bli smitta endå fleire gonger. Det vil gjere immunsystemet meir robust, akkurat som kvar vaksinedose, fortel Melf.
- Men sjølv om viruset ikkje lengre blir rekna som like farleg, er realiteten at nokre av dei mest sårbare ikkje vil tole ein covidinfeksjon. Dei vil heller ikkje tole andre virusinfeksjonar. Når samfunnet har opna opp att, er det ikkje lenger mogleg å halde smitten unna sjukeheimar og andre institusjonar kor dei svakaste bur, seier kommuneoverlegen.Kommuneoverlege Klaus Melf. 

Førebudde på utbrot

- Vi har alt fått smitteutbrot i fleire avdelingar. I dagane og vekene framover vil vi oppleve fleire slike utbrot.
Sjølv om dei fleste er godt beskytta mot alvorleg sjukdom med tre vaksinedosar, så må vi dessverre vere førebudde på at nokre vil bli alvorleg sjuke og at det vil bli nokre dødsfall, seier kommuneoverlegen.

Sjukefråvær påverkar tenestetilbodet

Det er svært høgt sjukefråvær i helse- og velferdstenestene for tida. Vi jobbar kontinuerleg for å finne praktiske løysingar for å hindre at tenestene bryt saman.
- Vi må rekne med å ta ned ulike tilbod og prioritere det som er lovpålagte oppgåver, seier kommunalsjef Helse og velferd, Monica Totland Melvold.
- Dette går truleg ut over heimehjelptilbodet. Dagsenter for eldre må framleis halde stengt og dei fleste rulleringsopphalda vil òg bli stansa ei tid framover. Vi håpar alle innbyggarar og brukarar av pleie- og omsorgstenestene våre har forståing for at vi står i ein svært krevjande situasjon, og at de er tolmodige med oss, seier Totland Melvold.

Til toppen