Slik går du fram for å bestille koronatest på teststasjonen

Bestill vanleg test på teststasjonen dersom du:

  • har testa positivt på hurtigtest.
  • ønskjer PCR-test, i staden for hurtigtest.
  • har vedvarande symptom, trass i negativ hurtigtest.
  • skal teste deg ut av innreisekarantene etter tre døgn.

Du kan bestille time på nett eller telefon.

Test på teststasjonen

Klikk her for å bestille time for testing

Du kan òg ringe koronatest-telefonen på 475 08 412 for å avtale tid for test. Telefontid: Måndag til fredag kl. 8.30-11.45/12.30-15. Laurdag og heilagdagar kl. 9.15-10/11-13/14-16.30. 

Her kan du bli testa

  • Teststasjonen i Røde Kors-huset i Kolskogheiane 8, 5200 Os. Sjå kart. Testing måndag-fredag kl. 8-15. Laurdag 9-17. NB: Julaftan ope fram til kl. 12. Stengt 1. og 2. juledag.
  • Teststasjonen i Eikelandsfjorden samfunnshus, Brakabygda 41, 5640 Eikelandsosen. Testing måndag, onsdag kl. 15-16, fredag kl. 14.30-15.30. Sjå kart. NB: Stengt julaftan.

Du kan ikkje møte opp utan timeavtale.
Testen blir tatt av helsepersonell utanfor bygget medan du sit i bilen, og er overstått på nokre sekund. Avhengig av kor mange som skal teste seg, kan det vere noko kø ved teststasjonen.

Avbestille test? Ring koronatesttelefonen. Du kan ikkje avbestille på nett.

Når skal du bestille vanleg test på teststasjonen?
  • Ved positiv hurtigtest.

  • Dersom du ønskjer PCR-test, i staden for hurtigtest.

  • Ved vedvarande symptom, trass i negativ hurtigtest.

  • Dersom du skal teste deg ut av innreisekarantene etter tre døgn.
Når får du svar på PCR-testen?

Det kan ta to til tre dagar å få svar på PCR-testen. Medan du ventar på prøvesvaret, må du halde deg heime og unngå å smitte andre. Alle som har positivt prøvesvar, vil bli kontakta når testsvaret er klart. Har du negativt svar, vil du ikkje bli kontakta direkte, men du kan sjekke det sjølv på helsenorge.no (pålogging med MinID).

Dersom du ikkje har moglegheit til å logge inn på helsenorge.no, eller ikkje har fått svar etter tre døgn, ring fastlegen din. Fastlegen får alltid kopi av testresultatet.

Dersom du testar positivt utan å ha symptom eller å ha vore eksponert for påvist smitte, må du ta ein ny test for å bekrefte resultatet.

Treng du test i samband med reise eller jobb?

Teststasjonane i Bjørnafjorden kommune utfører testing i samsvar med kriterium frå FHI. Dette inneber at vi ikkje leverer test til personar som treng dokumentasjon etter krav frå flyselskap eller andre i samband med reise.
Fleire private helseaktørar tilbyr slik testing.

Need covid test in connection with travel or work? Read information in English

Når skal du bestille antigen hurtigtest på teststasjonen?

Dersom du har plikt til å teste deg innan 24 timar etter innreise til Noreg.

Hurtigtest til heimebruk

Sjå: Sjølvtesting med korona-hurtigtest.

Uavhengig av om du har blitt testa for korona eller ikkje, gjeld desse råda:

  • Viss du er sjuk, hald deg heime. 
  • Har du behov for akutt helsehjelp og ikkje får kontakt med fastlegen, ring legevaktsentralen 116117.
  • Ved livstrugande sjukdom eller skade - ring 113.

Har du akutt luftvegsinfeksjon og treng legetilsyn?
Ring fastlegen din for vurdering/tilvising til koronalegevakt. Dersom fastlegen er stengt, ring legevaktsentralen på telefon 116117.

Har du generelle spørsmål om smittevern?
Ring den nasjonale informasjonstelefonen på 815 55 015. Du kan òg ringe vår lokale smitteverntelefon på 56 57 57 57 (kl. 15-16, måndag-fredag).

På helsenorge.no finn du oppdatert informasjon, fakta, råd og tiltak.
Read advice and information in English about the coronavirus covid-19.

Lokal informasjon om koronavirus-situasjonen i Bjørnafjorden kommune finn du på samlesida bjornafjorden.kommune.no/koronavirus

Karantene og isolasjon

Informasjon om kven som skal vere i karantene/isolasjon og kva dette inneber.

Her finn du råd på 22 språk til personar i heimekarantene og heimeisolasjon

Kontakt

Koronatest-telefon Bjørnafjorden kommune
Du kan også bestille time for test på nett (sjå i artikkelen)
Telefon: 475 08 412
Til toppen