Her kan du hente gratis sjølvtestar

Du kan hente gratis sjølvtestar ved fleire utleveringsstader i Bjørnafjorden.

Her får du sjølvtest

Du kan få utdelt gratis sjølvtest til heimebruk ved følgjande stader i opningstida: 

  • Alle legekontor i kommunen (du treng ikkje bestille time) 
  • Kommunetorget på Bjørnafjorden rådhus, Torggata 7, 5200 Os. Måndag, tysdag, torsdag og fredag, kl. 10-14. Onsdag stengt. 
  • Hovudbiblioteket i Os og filialen i Eikelandsosen Sjå adresse og opningstider
  • Fusa symjehall Sjå kart og opningstider
  • Framo Aktiv på Venjaneset Sjå adresse og opningstider
  • Oseana kunst- og kultursenter, Mobergsbakken 20, 5200 Os. Tysdag-fredag, kl. 11-16.30, laurdag kl. 10-16, søndag kl. 12-16. Utvida teid ved arrangement. Måndag stengt.
  • Baldersheim helsetun, måndag-fredag, kl. 11-15

NB: Ordinær legevakt har ikkje sjølvtestar til utdeling.

Dersom du har symptom, kan du ta på munnbind for å hente hurtigtest. Eventuelt kan du be nokon utan symptom om å hente for deg. 

Til toppen