Sjølvtesting med korona-hurtigtest

Hurtigtestar kan erstatte vanleg PCR-test på teststasjon i følgjande tilfelle:

A. Dersom du har symptom på luftvegsinfeksjon (hoste, feber, nedsett allmenntilstand, rennande nase, sår hals, nedsett lukt og smak, hovudpine)

B. Dersom du er husstandsmedlem eller tilsvarande nær til ein koronasmitta person

C. Dersom du har vore annan nærkontakt til ein koronasmitta person

D. Etter vurdering av smittevernansvarleg lege

Punkt A gjeld både vaksinerte og uvaksinerte, men ikkje dersom du har hatt korona dei siste 3 månadane. Punkt B og C gjeld berre viss du ikkje er fullvaksinert og ikkje har gjennomgått korona dei siste 12 månadane.

Her får du hurtigtest

Du kan få utdelt gratis hurtigtest til heimebruk ved teststasjonane og alle legekontor i Bjørnafjorden kommune i opningstida. Du treng ikkje bestille time for å få testar utlevert. 

Dersom du har symptom, kan du ta på munnbind for å hente hurtigtest. Eventuelt kan du be nokon utan symptom om å hente for deg. Friske skal ikkje hente hurtigtest, med mindre dei er uvaksinerte nærkontaktar til påviste smittetilfelle.

Du skal ikkje ta sjølvtest/heimetest dersom:

  • du skal ut og reise og treng eit koronasertifikat. Då må du ta kontakt med private helsetenester.
  • dersom du ikkje har vore utsett for smitte og ikkje har symptom.

Slik er hurtigtestopplegget
 

 

Uvaksinert 

Delvaksinert

Fullvaksinert eller gjennomgått korona

A. Ved symptom på luftvegsinfeksjon: 

  • 2 hurtigtestar med 24 timars mellomrom
  • 2 hurtigtestar med 24 timars mellomrom
  • 2 hurtigtestar med 24 timars mellomrom

B. Husstandsmedlem eller liknande:

  • Dagleg i 7 døgn frå isolering av den smitta
  • 1 hurtigtest
  • ikkje nødvendig

C. Annan nærkontakt:

  • 1 hurtigtest
  • ikkje nødvendig
  • ikkje nødvendig

D. Etter vurdering av smittevernlege:

  • 1 hurtigtest
  • 1 hurtigtest
  • 1 hurtigtest

Alle nærkontaktar (punkt B og C) bør følgje godt med på eiga helse i 10 døgn og teste seg ved symptom. Føresette kan sjølve avgjere om barnet skal testast og kor ofte.

Gjennomføring av sjølvtesting/heimetesting

Hurtigtesten skal tas med ein penselprøve i nedste del av nasen (1-2 cm inn). Stikk bomullspinnen inn til bomullsdelen ikkje lenger er synleg. Nærmare brukarrettleiing ligg i testpakken.

Kva skjer ved positiv hurtigtest?

Då er koronasmitte sannsynleg. Positiv hurtigtest skal bekreftast med ein vanleg test på teststasjon. I mellomtida skal du gå i isolasjon. Ved positiv hurtigtest skal ein alltid ta kontakt med smittesporingsleiaren i Bjørnafjorden kommune på telefon 908 34 884.

Kva skjer ved negativ hurtigtest?

Då er koronasmitte mindre sannsynleg. Ved vedvarande symptom på luftvegsinfeksjon, bør du halde deg heime og ta ein ny test etter eit døgn, alternativt bestille vanleg test på teststasjonen (via bjornafjorden.kommune.no eller tlf. 475 08 412).

Når skal du bestille vanleg test på teststasjonen?

  • Ved positiv hurtigtest.
  • Dersom du ønskjer PCR-test, i staden for hurtigtest.
  • Ved vedvarande symptom, trass i negativ hurtigtest.
  • Dersom du har plikt til å teste deg etter innreise til Noreg.

Hugs at det framleis er viktig med smittevern!

Det er framleis viktig med god hand- og hostehygiene. Hald dei heime viss du er sjuk. Les meir på helsenorge.no.

 

Til toppen