Når bør du teste deg?
Det er ikkje lenger ei generell anbefaling om at vaksne bør teste seg ved nyoppståtte luftvegssymptom, men du kan ta ein sjølvtest om du ønskjer.
Dersom du er sjuk, bør du halde deg heime til du er frisk - uavhengig av testresultat.
Du treng heller ikkje registrere positiv sjølvtest nokon stad.
Du kan gå tilbake på jobb med restsymptom som rennande nase, hesheit og hoste. Dersom du berre er lett forkjøla, treng du ikkje vere borte frå jobb.
Sjå også: Kva skal du gjere ved nyoppståtte luftvegssymptom? (FHI)
Her kan du hente gratis sjølvtestar
Du kan framleis hente gratis sjølvtestar ved teststasjonane, alle legekontor og ei rekke andre stader i kommunen, sjå oversikt over alle utleveringsstader.
Gjennomføring av sjølvtesting/heimetesting
Du tar hurtigtesten med ein penselprøve i nedste del av nasen (1-2 cm inn). Stikk bomullspinnen inn til bomullsdelen ikkje lenger er synleg. Brukarrettleiing ligg i testpakken.