Test sjølv med korona-hurtigtest

Hurtigtestar kan erstatte vanleg PCR-test på teststasjon i følgjande tilfelle:

A. Dersom du har symptom på luftvegsinfeksjon (hoste, feber, nedsett allmenntilstand, rennande nase, sår hals, nedsett lukt og smak, hovudpine) Kan få utdelt 2 testar. Gjeld både vaksinerte og uvaksinerte, men ikkje dersom du har hatt korona dei siste 3 månadene.

B. Dersom du er husstandsmedlem eller tilsvarande nær til ein koronasmitta person. Kan få utdelt 2 testar. Gjeld både vaksinerte og uvaksinerte, men ikkje dersom du har hatt korona dei siste 3 månadane.

C. Dersom du er øvrig/annan nærkontakt til ein koronasmitta person. Anbefalt testing dag 3 og dag 5 etter eksponering (eller tidlegare ved symptom). 

D. Etter vurdering av smittevernansvarleg lege 

Her får du hurtigtest

Du kan få utdelt gratis hurtigtest til heimebruk ved følgjande stader i opningstida: 

  • Alle legekontor i kommunen (du treng ikkje bestille time) 
  • På teststasjonane
    • Teststasjonen i Røde Kors-huset i Kolskogheiane 8, 5200 Os. Sjå kart. Måndag-fredag 8-15, laurdag 9-17
    • Teststasjonen i Eikelandsfjorden samfunnshus, Brakabygda 41, 5640 Eikelandsosen. Sjå kart. Eikelandsosen: Måndag og onsdag, kl. 15-16. Fredag kl. 14.30-15.30.
  • Kommunetorget på Bjørnafjorden rådhus, Torggata 7, 5200 Os
  • Hovudbiblioteket i Os og filialen i Eikelandsosen Sjå adresse og opningstider
  • Fusa symjehall Sjå kart og opningstider
  • Framo Aktiv på Venjaneset Sjå adresse og opningstider
  • Frå 15. januar: Oseana kunst- og kultursenter, Mobergsbakken 20, 5200 Os Opningstider: tysdag, onsdag og fredag, kl. 11-16.30, torsdag kl. 11-18, laurdag kl. 11-16, søndag 12-18 
  • Baldersheim helsetun, måndag-fredag, kl. 11-12

NB: Ordinær legevakt har ikkje hurtigtestar til utdeling.

Dersom du har symptom, kan du ta på munnbind for å hente hurtigtest. Eventuelt kan du be nokon utan symptom om å hente for deg. Friske skal ikkje ta hurtigtest, med mindre dei er uvaksinerte nærkontaktar til påviste smittetilfelle.

Du skal ikkje ta sjølvtest/heimetest dersom:

  • du skal ut og reise og treng eit koronasertifikat. Då må du ta kontakt med private helsetenester.
  • dersom du ikkje har vore utsett for smitte og ikkje har symptom.

Slik er hurtigtestopplegget

Oppdatert 17.1.22

 

Uvaksinert, delvis vaksinert (1 dose) eller fullvaksinert (2 dosar)

Vaksinert med 3. dose (oppfriskingsdose)

Gjennomgått korona dei siste 3 månadene

A. Ved symptom på luftvegsinfeksjon: 

  • 2 testar med 24 timars mellomrom
  • 2 testar med 24 timars mellomrom
  • Ikkje nødvendig

B. Husstandsmedlem eller liknande:

  • 2 testar (ein test så snart som mogleg og ein test 7 døgn etter sist kontakt med den smitta/11 døgn etter symptomstart hos den smitta (dersom det ikkje er mogleg å halde tilstrekkeleg avstand, til dømes dersom den smitta er eit lite barn)
  • Ikkje nødvendig
  • Ikkje nødvendig

C. Annan nærkontakt:

  • 2 testar (ein test 3 døgn etter og ein test 7 døgn etter sist kontakt med den smitta)
  • Ikkje nødvendig
  • Ikkje nødvendig

D. Etter vurdering av smittevernlege:

  • 1 test
  • 1 test
  • 1 test

Alle nærkontaktar (punkt B og C) bør følgje godt med på eiga helse og teste seg ved symptom. Føresette kan sjølve avgjere om barn skal testast og kor ofte.

Gjennomføring av sjølvtesting/heimetesting

Hurtigtesten skal tas med ein penselprøve i nedste del av nasen (1-2 cm inn). Stikk bomullspinnen inn til bomullsdelen ikkje lenger er synleg. Nærmare brukarrettleiing ligg i testpakken.

Kva skjer ved positiv hurtigtest?

Då er koronasmitte sannsynleg. Positiv hurtigtest skal bekreftast med ein vanleg test på teststasjon. I mellomtida skal du gå i isolasjon. Ved positiv hurtigtest skal ein alltid ta kontakt med smittesporingsleiaren i Bjørnafjorden kommune på telefon 908 34 884.

Kva skjer ved negativ hurtigtest?

Då er koronasmitte mindre sannsynleg. Ved vedvarande symptom på luftvegsinfeksjon, bør du halde deg heime og ta ein ny test etter eit døgn, alternativt bestille vanleg test på teststasjonen.

Hugs at det framleis er viktig med smittevern!

Det er framleis viktig med god hand- og hostehygiene. Hald dei heime viss du er sjuk. Les meir på helsenorge.no.

 

Til toppen