Ta koronavaksine

Dei fleste fastlegar tilbyr koronavaksine. Alle over 12 år kan òg ta koronavaksine ved eitt av apoteka som tilbyr dette. Massevaksinering i Oshallen og Fjord'n senter er førebels sett på pause.

Bjørnafjorden kommune sender ikkje innkalling til vaksinering. Du må sjølv bestille time.
Koronavaksine er gratis.

Slik kan du få koronavaksine

Bestill vaksine hos fastlegen din

Ta kontakt med legekontoret på vanleg måte for å bestille time til vaksinasjon. Dei fleste legekontor i Bjørnafjorden kommune tilbyr koronavaksine. 

Dersom du ikkje kan få hos fastlegen din, kan du ta kontakt med Moberg legesenter eller Eikelandsosen legekontor for koronavaksine, eller bestille på apotek.

Ønskjer du koronavaksinen Nuvaxovid? Les meir her

Bestill vaksine på apotek

Bjørnafjorden kommune har avtale om koronavaksinasjon med fire apotek i kommunen. Ved apoteka kan du velje mellom fleire dagar og tidspunkt. Du kan bestille på nett eller telefon.
Alle personar over 12 år kan få vaksine på apoteka, med unntak av dei som skal ha ein femte dose på grunn av alvorleg sjukdom. For femte vaksinedose, kontakt fastlegen eller eitt av dei kommunale legekontora: Moberg legesenter eller Eikelandsosen legekontor.

NB! Dersom barnet ikkje har eigen bank-ID til å gjennomføre timebestilling på nett, må føresette ringe det aktuelle apoteket for å bestille time.

Kven kan få koronavaksine og kor mange dosar?

5-11 år
  • To dosar Pfizer-vaksine (barnedose)
  • Dose 2 minimum 3 veker etter dose 1. (Anbefalt intervall mellom vaksinedosar: 8-12 veker. Anbefalt intervall etter koronainfeksjon: 12 veker). 
  • Dose 3 berre for barn ved immunsupprimert tilstand, minst 4 veker etter dose 2, etter vurdering av barnelege
  • Begge foreldre må signere samtykkeskjema
  • Koronavaksine er gratis

For vaksine, ta kontakt med Os helsestasjon, tlf. 56 57 51 64

Les også: Koronavaksine til barn 5-11 år

12-17 år
  • To dosar Pfizer-vaksine
  • Dose 2 minimum 3 veker etter dose 1. (Anbefalt intervall mellom vaksinedosar: 8-12 veker. Anbefalt intervall etter koronainfeksjon: 12 veker)
  • Dose 3 (1. oppfriskingsdose, minst 4 månader etter dose 2, og minst 3 veker etter gjennomgått koronainfeksjon) er anbefalt for ungdom med alvorleg grunnsjukdom.
Tre vaksinedosar er anbefalt ved desse grunnsjukdomane (12-17 år)
    • Organtransplantasjon (f.eks. hjarte, nyre, lever)
    • Immunsvikt (t.d. medfødt immunsvikt eller bruk av medikament som gir betydeleg systemisk immunsuppresjon)
    • Hematologisk kreftsjukdom (f.eks. leukemi, lymfom) siste fem år
    • Annan aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nyleg avslutta (i løpet av dei siste seks månadane) behandling mot kreft - spesielt immundempande behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift
    • Nevrologiske sjukdommar eller muskelsjukdommar som gir nedsett hostekraft eller nedsett lungefunksjon
    • Kronisk nyresjukdom med betydeleg nedsett nyrefunksjon
    • Alvorleg hjartesjukdom (barn med hjartesvikt, alvorleg pulmonal hypertensjon, cyanose, eittkammer-sjukdom/"Fontan-barn")
    • Alvorleg lungesjukdom (f.eks. cystisk fibrose, svært alvorleg astma med forverringar som har ført til akutt sjukehusinnlegging i løpet av det siste året)
  • Annan svært alvorleg sjukdom, etter vurdering av barnelege.

Koronavaksine er gratis

NB! Under 16 år: Begge foreldre må signere samtykkeskjema (last ned og skriv ut)

For vaksine, bestill time på eitt av apoteka som tilbyr vaksine eller ta kontakt med fastlegen. 
Dersom barnet ikkje har eigen bank-ID til å gjennomføre timebestilling på nett, må føresette ringe det aktuelle apoteket for å bestille time.

Barn og unge treng berre to vaksinedosar eller éin dose + gjennomgått infeksjon påvist med PCR-test for uavgrensa EU-koronasertifikat.

18-64 år
  • Tre dosar vaksine (Pfizer eller Moderna) er anbefalt.
    • Dose 2 minst 3 veker etter Pfizer eller 4 veker etter Moderna
    • Dose 3 minst 20 veker etter dose 2
      • Unntak for personar med immunsupprimert tilstand: minst 4 veker etter dose 2, etter vurdering av fastlege/sjukehuslege.
  • Fire dosar vaksine (2. oppfriskingsdose, minst 4 månader etter dose 3, og minst 3 veker etter gjennomgått koronainfeksjon) er anbefalt for vaksne med underliggande risiko for alvorleg sjukdomsforløp.
    • NB: Friske vaksne i alderen 18-64 år kan òg få fjerde vaksinedose. Det er ikkje ei generell anbefaling om fjerde dose for denne målgruppa, men oppfriskingsdosen kan vere nyttig til dømes ved utanlandsreise, ønske om å beskytte sårbare nærkontaktar og redusere risikoen for plagsame symptom etter smitte.
Fire vaksinedosar er anbefalt ved desse underliggande risikotilstandane (18-64 år)
  • organtransplanterte
  • alvorleg og moderat immunsvikt
  • immundempande legemiddelbehandling som ved autoimmune sjukdommar
  • hematologisk kreftsjukdom siste fem år
  • annan aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nyleg avslutta behandling mot kreft (spesielt immundempande behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift)
  • alvorlege nevrologiske sjukdommar eller muskelsjukdommar som gir nedsett hostekraft eller lungefunksjon (f.eks. ALS og cerebral parese)
  • Downs syndrom
  • kronisk nyresjukdom og nyresvikt
  • kronisk leversjukdom eller betydeleg nedsett leverfunksjon
  • demens
  • kronisk lungesjukdom, inkludert alvorleg astma som har medført bruk av høgdose-inhalasjonssteroidar eller steroidtablettar siste året
  • fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m2 eller høgare
  • kroniske hjarte- og karsjukdommar (med unntak av høgt blodtrykk)
  • hjerneslag
  • diabetes, og då særleg pasientar med langvarig eller dårleg kontrollert sjukdom eller diabetesseinkomplikasjonar.

Koronavaksine er gratis.

For vaksine, bestill time på eitt av apoteka som tilbyr vaksine eller ta kontakt med fastlegen. 

Dose 5 berre for personar ved alvorleg immunsupprimert tilstand: minst 3 månadar etter dose 4. Ta kontakt med fastlegen eller Moberg legesenter eller Eikelandsosen legekontor.

65-74 år
  • Fire dosar (2. oppfriskingsdose) er anbefalt for personar frå 65 år, sjukeheimsbebuarar og eldre med heimeteneste: minst 4 månader etter dose 3, og minst 3 veker etter gjennomgått koronainfeksjon.
  • Dose 5 berre for personar ved alvorleg immunsupprimert tilstand: minst 3 månadar etter dose 4. Ta kontakt med fastlegen eller Moberg legesenter eller Eikelandsosen legekontor.

Koronavaksine er gratis.

For vaksine, bestill time på eitt av apoteka som tilbyr vaksine eller ta kontakt med fastlegen. 

75 år +
  • Fire dosar (2. oppfriskningsdose) er anbefalt for personar frå 75 år, sjukeheimsbebuarar og eldre med heimeteneste: minst 4 månader etter dose 3, og minst 3 veker etter gjennomgått koronainfeksjon.
  • Dose 5 berre for personar ved alvorleg immunsupprimert tilstand: minst 3 månadar etter dose 4. Ta kontakt med fastlegen eller Moberg legesenter eller Eikelandsosen legekontor.

Koronavaksine er gratis.

For vaksine, bestill time på eitt av apoteka som tilbyr vaksine eller ta kontakt med fastlegen. 

  • Det skal gå minimum 3 veker mellom covid-19-infeksjon (avisolering) og ein vaksinedose (helst 3-6 månader).
  • Du kan ta vaksinar mot korona og influensa samtidig.
  • Kombinasjon av Pfizer-vaksine og Moderna-vaksine går heilt fint.

Har du spørsmål om koronavaksine?

Vaksinetelefonen er stengt. Svar på dei fleste koronaspørsmål finn du på helsenorge.no/koronavirus. Ved andre koronaspørsmål, ta kontakt med kommuneoverlegane på telefon 90 83 48 84.

Les meir om koronavaksine på Folkehelseinstituttet sine nettsider
 

Til toppen