Slik bestiller du koronavaksine

Klikk for stort bilete Mufid Manjun, Unsplash Ta kontakt med fastlegen din for å få koronavaksine.

NB! 16-17-åringar som fekk dose 1 i veke 33-35, vil få dose to i Oshallen/Fjord'n senter i kommunal regi i veke 42/43. Dei treng ikkje ta kontakt med legekontoret.

Alle legekontor i Bjørnafjorden kommune tilbyr koronavaksine til sine listepasientar.
Unntaket er Flåten legesenter, som på grunn av kapasitetsutfordringar førebels ikkje tilbyr koronavaksine.
Listepasientar ved Flåten legesenter eller personar som ikkje har fastlege, kan ta kontakt med Moberg legesenter eller Eikelandsosen legekontor for å få koronavaksine.

Koronavaksine er gratis.

Kven kan få koronavaksine hos legen?

Kven kan få koronavaksine hos legen?
Kven Dose 1 Dose 2 Dose 3
12-15 år med samtykke frå begge føresette. Ja, berre Pfizer-vaksine. Berre for personar med høgrisikodiagnosar og husstandsmedlemmar til immunsupprimerte: minst 3 veker etter dose 1. Berre for personar ved immunsupprimert tilstand, minst 4 veker etter dose 2, etter vurdering av barnelege.
16-17 år Ja Ja, minst 8 veker etter dose 1. Unntak for personar med høgrisikodiagnosar og husstandsmedlemmar til immunsupprimerte: minst 3 veker etter Pfizer eller 4 veker etter Moderna. Berre for personar ved immunsupprimert tilstand: minst 4 veker etter dose 2, etter vurdering av barnelege.
18 år+ Ja Ja, minst 3 veker etter Pfizer eller 4 veker etter Moderna. Berre for personar ved immunsupprimert tilstand: minst 4 veker etter dose 2.
  • Gjennomgått covid-19-infeksjon tel som ein vaksinedose. 
  • Det skal gå minimum 3 veker mellom covid-19-infeksjon (avisolering) og ein vaksinedose (helst 3-6 månader).
  • Det skal gå minimum 1 veke mellom koronavaksine og andre vaksinar (influensa, HPV, osb.)
  • Barn 12-15 år skal berre få Pfizer-vaksinen,16-17-åringar helst Pfizer og alle andre kan velje mellom Pfizer og Moderna.
  • Kombinasjon av Pfizer-vaksine og Moderna-vaksine går heilt fint.

Har du spørsmål om koronavaksine?

Ring vaksinasjonskontoret i Bjørnafjorden på telefon 913 58 649, måndag-fredag, kl. 9-11.

Les meir om koronavaksine på Folkehelseinstituttet sine nettsider
 

Til toppen