I Friskus kan de samle alle arrangement og aktivitetar på ein stad, rekruttere til både deltaking og frivillig engasjement, og koordinere og planlegge aktivitetstilbodet dykkar. De kan òg samarbeide med andre organisasjonar og arrangere aktivitetar saman, og sørge for at de blir synleg for fleire av innbyggarane i kommunen.
Meld dykk inn i dag på bjornafjorden.friskus.com.
Kvifor friskus.com?
Målet med å bruke bjornafjorden.friskus.com er at Bjørnafjorden kommune vil gjere det enklare for fleire, både unge og vaksne å vere aktive, sosiale og inkluderte. Det må bli enkelt for innbyggarane å finne aktivitetar som passar den enkelte sine interesser og ønskje.
Lag og organisasjonar som vil søke om tilskot frå Bjørnafjorden kommune må være synlege med eiga arrangørside i Friskus, slik at vi får eit mest mogleg komplett oversyn over aktivitetane i kommunen. Bjornafjorden.friskus.com er gratis å ta i bruk for alle lag og foreiningar som er registrert i frivilligsregisteret (www.brreg.no).
Slik blir du arrangør i bjornafjorden.friskus.com
Du kan bruke Friskus i alle nettlesarar bortsett frå Explorer. Google Chrome fungerer aller best.
- Gå inn på bjornafjorden.friskus.com
- Trykk på BLI ARRANGØR
- Lag deg ein personleg brukarkonto, og fyll inn opplysningar om organisasjonen du representerer for å bestille arrangørside.
Du får ein e-post når arrangørsida er klar til bruk. Då kan du legge ut arrangement og frivillige oppdrag for laget ditt eller organisasjonen din.
Har du spørsmål om bjornafjorden.friskus.com? Ta kontakt med
Tove Hille tlf. 91672910, e-post: thh@bjordnafjorden.kommune.no
Grete Byrkjeland tlf. 94853607, e-post: gby@bjordnafjorden.kommune.no