"Full pakke" i Fjorden arena

Kvar tysdag klokka 17-20 er det allsidige tilbod i Fjorden arena - i sjølve idrettshallen (sal 1) og rundt omkring på romma i 2. etasje. Tilbodet er for ungdomsskulealder og oppover. Tilbodet er gratis. Velkommen!

"Full pakke" vert arrangert som eit samarbeidsprosjekt mellom Fjorden arena, Fusa frivilligsentral, flyktningetenesta og kultureininga i Bjørnafjorden kommune.

Tysdagsope i Fjorden arena

Fjorden arena satsar på open kveld kvar tysdag klokka 17-20. Då er det rom for fleire aktivitetar i bygget til same tid. Og akkurat den aktiviteten du ønskjer kan bli gjennomført. For eksempel gaming, datakurs, bordtennis, badminton, strikkekveld, bok-/lesekveld, rc-bilar, bingo, sjakklubb, dansekurs, modellfly...

Tips oss gjerne om aktivitetar du ynskjer i hallen!

Nokre aktivitetar kan vera organiserte, kanskje med innleigd kurshaldar? Det kan vera fritt fram eller med påmelding. Andre aktivitetar kan de som brukar Fjorden arena arrangera sjølve.

Yoga og zumba

Det er yoga med instruktør kvar veke.

Har du lyst til å prøva zumba? Vi riggar til med videoinstruksjon kvar tysdag.

Hallaktivitet

Sal 1 vil vera open for aktivitet klokka 17-18 for ungdomskuletrinnet og oppover. Der kan de ha ulike aktivitetar som badminton, volleyball, handball, innebandy osv.

Det kan bli forandring i planane - følg med på programmet! Dersom det er ledige rom, kan det koma aktivitet undervegs.

Kva kostar det?

Tilboda på "Full pakke"-kveldane er gratis.

Det er òg gratis kaffi, te, saft og frukt i foajeen for alle som er i hallen.

Velkommen til full pakke i Fjorden arena tysdagar!  

Sjå programoversikt på Fjorden arena si Facebook-side.

Til toppen