Velkommen til "Full pakke" i Fjorden arena

Kvar tysdag klokka 17-20 er det allsidige tilbod i Fjorden arena, både i sjølve idrettshallen (sal 1) og rundt omkring på romma i 2. etasje.
Tilbodet er for deg frå ungdomsskulealder og oppover. Tilbodet er gratis. Velkommen!

Fjorden arena har "Full pakke" kvar tysdag klokka 17-20. Då er det rom for fleire aktivitetar i bygget til same tid, til dømes PlayStation, datakurs, bordtennis, badminton, innebandy, strikkekveld, bok-/lesekveld, bingo, sjakk, bridge, dansekurs eller noko anna. Vi arrangerer aktivitetane i samarbeid med lag, organisasjonar og privatpersonar.

Disponible rom

Sal 1, 2 og 3 nede i hallen vil vere opne for aktivitet klokka 17-18, til dømes badminton, volleyball, handball, innebandy osb.
Du kan òg bruke romma i 2. etasje.
Altaneset: Projektør, bord og stolar. Moglegheit for PlayStation.
Fusafjellet: Projektør, lyd- og lysanlegg. Mogleg å setje inn møblar.
Stovo: TV, PlayStation, bordtennis og airhockey.

Vi har brettspel og kortstokk til utlån.

Mix-trening

Har du lyst til å prøve zumba, dans, styrke, aerobic eller noko anna ?
Vi viser gode treningsformer via Youtube på storskjerm i rommet Fusafjellet, dei fleste med instruktørar frå treningsenter i Noreg.
Du tar med eiga matte og anna utstyr du eventuelt treng.
Ønskjer du å vere instruktør i ei treningsform? Ta gjerne kontakt!

Kva kostar det?

Tilboda på "Full pakke"-kveldane er gratis. Tilbodet er for ungdomsskulen og oppover. Det er òg gratis kaffi, te, saft og frukt i foajeen for alle som er i hallen.

Velkommen til full pakke i Fjorden arena tysdagar!  

Viktig informasjon

Alle må ta ansvar for å følge smittevernreglar med registrering av deltakarar og aktuelle hygienetiltak.

Vi har eit maksimalt tal på personar som kan delta på dei ulike aktivitetane til same tid,
og ber om forståing for om vi må seie stopp i døra.
Det kan vere påmelding og registrering av namn og telefonnummer til frammøtte.

Sjå programoversikt på Fjorden arena si Facebook-side.

Kontakt

Henriette Dale
Dagleg leiar og aktivitetskoordinator Fjorden arena
Heidi Skår Dale
Fritidskoordinator Fjorden arena
Mobil: 919 14 466
Til toppen