Fusa symjehall

Symjehallen på Fusa-sida i Bjørnafjorden kommune ligg ved skuleanlegga i Eikelandsosen. Symjesesongen er 1. september til 1. mai. Bassenget er 16,5 m x 8 m, med rampe som lettar tilgangen for rørslehemma. Det er også eit mini-basseng for dei minste på bassengkanten. Og det er badstover knytt til kvar garderobe.

Opningstid:

Tysdagar 17.00-21.30
Torsdagar 17.00-21.30
Laurdagar 12.00-15.00

Kva kostar det?

Prisane finn du i avgiftsregulativet for Bjørnafjorden kommune, som blir vedtatt av kommunestyret i desember kvart år.

Berre kontant betaling ved kjøp av billettar og kort.

Bruk av bassenget

Anlegget gjev eit godt høve til såvel symjetrening for dei minste som trim for vaksne. Å gå i symjehallen er ein viktig fritidsaktivitet særleg for barn og unge. Utanom dei faste opningstidene brukar skulane bassenget.

Fusa symjehall har følgjande tilbod:

  • familiebading klokka 17-20 tysdag og torsdag, og klokka 12-15 laurdag.
  • mosjonssymjing for vaksne etter klokka 20 tysdag og torsdag
  • vassgym for vaksne med instruksjon av fysioterapeut fredag klokka 14.15-15.30

Organisasjonar kan også nytta hallen på ledige kveldar. I det siste har idrettsskulane hatt tilbod om bading i sitt program.

Lag som er interesserte i å bruka symjehallen utanom dei faste opningstidene kan ta kontakt med kultureininga for avtale.

Varmtvassbading

På fredagar er vatnet ekstra oppvarma til 32 grader. Symjehallen er då reservert grupper med særlege behov, t.d. fysisk funksjonshemma, dagsenter for psykiatri og dagsenter for psykisk utvklingshemma.

Vi tek gjerne mot tips om korleis vi kan gjera tilbodet endå betre!

Kontakt

Erik Vangsnes
Mobil: 472 77 146
Til toppen