Kva kan støttast – absolutte kriterium
Eigarar av regionalt verdfulle kulturminne registrert i kulturminnedatabasen Askeladden.
Du kan berre søka tilskot til faste kulturminne i Vestland som anten er:
1. Prioritert i kommunal kulturminneplan
2. Regulert til bevaring/omsynssone etter plan- og bygningslova.
- Merk: Dersom du veit at bygget eller tunet har verneverdi, kan du søkje om tilskot sjølv om det førebels ikkje ligg i ein omsynssone.
3. Vurdert av fylkeskommunen som kulturminne av høg regional verdi.
Tiltak som oppfyller fleire av dei tre kriteria skal prioriterast.
Kva kan ikkje få støtte?
- Tiltak på kulturminne i statleg, fylkeskommunal eller kommunal eige
- Tiltak på freda kulturminne.
- Ordinær vedlikehald og drift
Søknaden må innehalda informasjon om
- Eigartilhøve; namn, adresse og bankkonto for utbetaling av tilskot
- Informasjon om objektet/ kva søknaden gjeld
- Skildring av arbeidet/ tiltaket som er omsøkt
- Detaljert kostnadsoverslag
- Finansieringsplan
- Gjennomføringsplan
Ufullstendige søknader vil ikkje bli vurderte.
Vilkår for tildeling
Tildeling føreset minst 50 % kommunal eller anna finansiering av tiltaket. I særlege høve kan kravet fråvikast. Tiltaka skal følgje antikvariske retningsliner og utførande handverkarar må ha utdanning eller realkompetanse innan bygningsvern og kunne vise til erfaring frå tilsvarande prosjekt.
Slik søkjer du
Gå til søknadsskjema
Send søknad til Bjørnafjorden kommune innan 15. januar.
Har du spørsmål?
Kontakt kultursjef Erik Vangsnes, telefon 472 77 146 eller kulturkonsulent Kristin Bøe Vangsnes telefon 913 76 329 eller e-post krb@bjornafjorden.kommune.no
Les meir om ordninga på Vestland fylke sine nettsider