Kva er Venneveko?

Hausten 2019 tok Os kommune og Os kyrkjelyd initiativ til å arrangere «Venneveko» for første gong. I 2020 går Venneveko av stabelen frå 23.-27. november. Visjonen for veka er å drive førebygging gjennom å bygge relasjonar, bruer og nettverk.

Det blei gjennomført mange gode arrangement og tiltak for innbyggarar i alle aldrar i heile kommunen. Ulike arrangement og aktivitetar i løpet av veka løfta fram kor viktig det er med venskap og inkludering. Innanfor dei rammene vi har i 2020, ønsker arrangørane å få til eit like breitt og godt samarbeid som i gjor, i heile kommunen. Oppfordringa går ut til alle: Set venskap i fokus i veke 48!

Kvifor venskap?

Barn, unge og vaksne treng venskap, og i nokre fasar av livet er det ekstra viktig å ha «den eine» der, det vere seg fagperson, familiemedlem eller ein ven. Vi kan alle vere ein ven, og i alle venskap er den gode dialogen og respekten viktig.

Målet med veka

I Venneveko jobbar vi ekstra med å skape gode haldningar, involvere, vere til stades, og synleggjere temaet venskap på ulike arenaer i kommunen, alt på inkluderande, gøy og venskapeleg vis.

Gruppa bak Venneveko ønsker å mobilisere breitt, og utfordrar barnehagar, skular, eldresenter, næringslivet, idrettslag, kyrkja, frivillige organisasjonar og alle der heime til å gjere venskap ekstra synleg overalt i veke 48 - i nabolaget, på skulen, i sentrum og på kjøpesenteret, på idrettsbana, i aviser og kyrkjelydsblad. Vi ønsker å vise at vi er viktige for kvarandre, og at alle er like viktige, gamle og unge. Du kan vere med å bety ein forskjell for dei du har rundt deg!

Korleis starte ein god prat om venskap?

Her er nokre tankar rundt temaet som kan brukast til refleksjon, samtale og gruppearbeid:

  • Kvifor er det viktig å vere den eine venen?
  • Korleis er det å vere ny på ein skule/ein arbeidsplass/eit lag?
  • Korleis er du ein ven når du opplever sjukdom og vanskar rundt deg, skyggar vi banen eller støttar vi?

Solidaritet, empati og aksept er viktig når vin snakkar om venskap. Undersøkingar viser at einsemd er ei stor samfunnsutfordring, derfor er dette òg eit viktig tema å løfte fram denne veka. Saman kan vi få til mykje, og alle kan gjere ein innsats.

Kva kan du bidra med?

Kva kan di bedrift, din skule, din barnehage, ditt idrettslag, og alle andre, bidra med? Klarer vi alle å sette fokus på dette temaet i same veke, kan vi skape noko sterkt saman!
Døme på noko av det som skal skje:

  • MOT til å glede-dagen 23. november
  • skravlekoppane er komne til Bjørnafjorden, ta dei i bruk! 
  • pop up-stand ulike stader i kommunen,
  • språkkafe for alle torsdag 26. november kl.17 
  • kulturkveld og godheit i sentrum

Her kan du sjå heile det planagde programmet. 

​​​Har du spørsmål om Venneveko? Ta gjerne kontakt med oss! 
Send ein e-post til SLT-koordinator Elin Tuft, undomskonsulent Anne Solberg Andersson, kreftkoordinator Sigbjørg Erikssondiakon Ingrid Vik , trusopplæringsleiar Stefan Andre Svendsen, eller næringssjef Elin Thorsen Kløverød 

Kontakt

Anne Solberg Andersson
Konsulent
Mobil: 971 74 931
Sigbjørg Eriksson
Rådgjevar
Telefon: 469 22 958
Mobil: 469 22 958
Elin Tuft
Konsulent
Telefon: 908 10 495
Mobil: 908 10 495
Til toppen