Tips til aktivitetar i Venneveko

Gruppa bak Venneveko har utfordra barnehagar, skular, eldresenter, næringslivet, idrettslag, kyrkja, frivillige organisasjonar og alle der heime til å gjere venskap ekstra synleg overalt i veke 48 - i nabolaget, på skulen, i sentrum og på kjøpesenteret, på idrettsbana, i aviser og kyrkjelydsblad. 

Vi ønsker å vise at vi er viktige for kvarandre, og at alle er like viktige, gamle og unge! Hugs at det er ikkje alltid så mykje som skal til for at andre skal kjenne seg sett og inkludert. 
Gjer gjerne som Fusa skule, og send oss tips og gode idear!

Slik blir Venneveko på Fusa skule

Fusa skule har dei opplegget klart for Venneveko. Alle kohortane skal gjera om lag det same, for å skape samhald og ei felles oppleving på heile skulen.

  • I løpet av Venneveko lanserer Fusa skule dronefilmen Mathias Heggland har laga av skulen som dansar Blime-dansen. Følg med på skulen si heimeside og facebook! 
  • Det blir Grøn onsdag – alle på skulen skal ha på seg noko grønt denne dagen
  • På pauserommet ligg det papptallerkar, og i løpet av Venneveko skal alle ha skrive noko positivt til kvarandre
  • Personalet på skulen gjer det litt ekstra hyggjeleg for kvarandre i Venneveko, og rundar av med vaffelfredag.

Kontakt

Anne Solberg Andersson
Konsulent
Mobil: 971 74 931
Sigbjørg Eriksson
Rådgjevar
Telefon: 469 22 958
Mobil: 469 22 958
Elin Tuft
Konsulent
Telefon: 908 10 495
Mobil: 908 10 495
Til toppen