Søk tilskot til trygg transport for eldre

Statsforvalteren i Vestland har tildelt Bjørnafjorden kommune midlar gjennom ordninga Tilskot til aktivitetstiltak for å motverke einsemd blant eldre.

Frivillige organisasjonar kan søke kommunen om midlar til å dekke taxi for eldre som treng det for delta i laget sin aktivitet.

Trygg transport

Mål med tilskotet er å bidra til likeverdig tilbod til heimebuande eldre i heile kommunen om å delta i meiningsfull aktivitet. Midlane skal brukast til trygg transport for eldre.

Kven kan søke

Frivillige organisasjonar kan søke om midlar til å dekke taxi for eldre som treng det for delta i laget sin aktivitet.

Vilkår

  • Laget/organisasjonen må ha organisasjonsnummer.
  • Laget/organisasjonen kan søke inntil kr 10.000,-.
  • Laget/organisasjonen avtaler fakturering av reisene med taxiselskap, og oppbevarer bilag som dokumentasjon.
  • Søknader blir behandla fortløpande inntil midlane er delt ut.
  • Enkeltpersonar kan ikkje søke, men enkeltpersonen kan ta kontakt med laget som har aktiviteten, som då søker.
  • Enkel rapportering innan november 2021.

Slik søkjer du

Du søker på elektronisk søknadsskjema. Fortløpande søknadsfrist til midlane er delt ut. 
 

Til toppen