Treng du nokon å snakke med?

Er du engsteleg eller bekymra? 
Slit du med einsemd og vanskelege tankar? Ring Bjørnafjorden kommune sin støttetelefon på 906 50 885 eller chat med oss

Har du spørsmål om korona?
Ring smitteverntelefonen vår på 56 57 57 57 eller send e-post til smittevern@bjornafjorden.kommune.no

Er du sjuk og treng legehjelp?
Kontakt fastlegen din. Har du behov for akutt helsehjelp og ikkje får kontakt med fastlegen, ring legevaktsentralen 116117

Informasjon om koronavirus-situasjonen i Bjørnafjorden finn du på bjornafjorden.kommune.no/koronavirus

På helsenorge.no finn du oppdatert informasjon, fakta, råd og tiltak. Read advice and information in English about the coronavirus COVID-19


Oversikt over kommunale tenester og tilbod i Bjørnafjorden i koronaperioden

 

Fritidsklubben i Eikelandsosen

Fritidsklubben i Fjorden arena i Eikelandsosen er eit tilbod for menneske med utviklingshemming. Det er klubbkveld kvar onsdag klokka 18-20.

Kven er fritidsklubben for?

Klubben er tilrettelagt for menneske med utviklingshemming. 

Brukarane kjem frå Fusa-sida av Bjørnafjorden kommune og frå Samnanger. Alderen er frå vidaregåande skule og oppover.

Fritidsleiar sender ut informasjon om klubbkveldane i posten eller på e-post til aktuelle deltakarar.

Når er det klubb?

Det er klubbkveld kvar onsdag klokka 18.00-20.00 i Fjorden arena i Eikelandsosen.

Klubben er stengd i juli, i romjula og på høgtidsdagar.

Kva kostar det?

Deltakarane betalar kr 100 i kontantar kvar gong. For tilsette som følgjer med er det gratis.

Kva skjer på klubben?

Aktivitetane er varierte med både bilete/video, lyd og rørsle og dekkjer dei fleste av sansane våre.

Nokre gonger kjem det andre og opptrer for oss eller dansar og syng med oss. 

Andre gonger reiser vi på tur til andre fritidsklubbar og arrangement.

Vi samlast rundt eit felles måltid med variert og sunn kost, og deler gjerne gode kosthaldsråd rundt det som blir servert.

Som oftast har vi dans den siste halvtimen før vi takkar for kvelden og gler oss til å møtast igjen.

Velkommen på klubben!

Kontakt

Agnes Smørholm
Til toppen