TorsdagsklubbenAktiv, sosial og inkluderande møtestad for menneske med nedsett funksjonsevne. Vi møtast annankvar torsdag i Kløvertun, men reiser ofte på tur og besøk rundt om i Bjørnafjorden og nabokommunane. Klubben har 57 medlemmar, inkludert nokre frå Tysnes kommune. Sjå Torsdagsklubben sitt program for hausten 2020 (PDF, 2 MB) Døme på aktivitetar Dags- og helgeturar i Bjørnafjorden og nabokommunane Besøk hos organisasjonar og bedrifter i nærområdet Hagebesøk med grilling og musikk hos osingar med fine hagar Torsdagsklubben arrangerer konsertar i Kløvertun, Varafjell ressurssenter, på hagefestar, Kuhnletunet og Oseana kunst- og kultursenter Stor basar i Kløvertun ein gong i året Gardsbesøk Førstehjelpskurs Kunstnariske aktivitetar Jole- og påskeverkstad Rebusløp, bowling, ringdans, sittedans, karneval, julebord og mykje, mykje meir Torsdagsklubben er sjølvsagt hjarteleg til stades i 17. mai-toget på Osøyro. Mål for Torsdagsklubben Å vere ein trygg sosial arena Å auke sosiale ferdigheiter. Å skape samhald Å integrere den enkelte i lokalsamfunnet Medverknad Å gje medlemmane ansvar for drift av eigen klubb Å skape ein felles arena for tenesteytarar Sist endra26.11.2020 09.54