Trygg i Bjørnafjorden

Klikk for stort bilete Fransisco Munoz / Bjørnafjorden kommune Bjørnafjorden kommune og Pensjonistforbundet Bjørnafjorden inviterer til Trygg i Bjørnafjorden 2021 i Oseana kunst- og kultursenter, 2. og 3. november.

Tema er "Leve heile livet".

I år vil det vere to dagar med Trygg i Bjørnafjorden. Dette gjer vi for å halde arrangementet innan trygge smittevernrammer, og for at flest mogleg skal få vere med.
Det er maks 150 deltakarar kvar dag, og det er berre mogleg å melde seg på til èin av dagane.

Trygg i Bjørnafjorden 2021

Oseana kunst- og kultursenter

"Leve heile livet"

Tysdag 2. november, kl. 11-14.30

  • Opning v/ordførar Trine Lindborg
  • Program i Oseanasalen med lunsj og nytt frå kommunen
  • Foredrag med Anne Hanshus, seniorrådgivar helse, Pensjonistforbundet 
  • Underhaldning med Sardinen singers

Onsdag 3. november, kl. 11-14.30

  • Opning v/ordførar Trine Lindborg
  • Program i Oseanasalen med lunsj og nytt frå kommunen
  • Foredrag med Trude Drevland, leiar, Råd for et aldersvennlig Norge
  • Underhaldning med Sardinen singers

Billettar

Du kan berre melde deg på til èin av dagane.

Billettar kr 100,- til sals i Oseana kunst- og kultursenter frå 27. september 2021. Tlf. 917 50 231 og www.ticketmaster.no

Treng du transport?

Kontakt Bjørnafjorden kommune på tlf. 948 53607 eller Fusa frivilligsentral 920 93716

 Endringar grunna smittevern kan skje.

Til toppen