Badetemperaturar og vasskvalitet

I sommarsesongen måler vi temperatur og vasskvalitet på utvalde badeplassar og friluftsområde i kommunen.

Badevatn i Bjørnafjorden: Vasskvalitet og temperatur
Dato for prøvetaking Kor? Resultat vasskvalitet* Temperatur
30.juni 2020 Sigurdsvika 20 20 grader C
30.juni 2020 Moldafjøro mindre enn 10 17 grader C
30.juni 2020 Mobergsvikjo 60 17 grader C
30.juni 2020 Kuvågen 10 17 grader C
30.juni 2020 Skeisstøa mindre enn 10 17 grader C
30,juni 2020 Søvikvågen mindre enn 10 17 grader C
30.juni 2020 Gåsakilen mindre enn 10 19 grader C
23.juni 2020 Vindalsvatnet 10 20 grader C

 Sjå òg temperaturmålingar for Hagafjøro, Vinnesholmen og Mobergsvikjo.

*Badevatnet blir analysert for såkalla termostabile koliforme bakteriar (TKB). Dette er tarmbakteriar frå menneske og dyr som ikkje overlever lenge i naturen. Difor er TKB-prøver ein god indikator på fersk forureining. Godt eigna badevatn skal ha mindre enn 100 TKB per 100 mililiter vatn. Helsemyndigheitene frårår bading dersom TBK-nivået er over 1000.

Kvifor måler vi vasskvalitet og kvifor ikkje på alle badeplassar?

Hovudoppgåva vår er å sikre trygt badevatn. Difor tar vi prøver av vatnet på badeplassar som blir brukt av mange og som ligg i nærleiken av kommunale pumpestasjonar, reinseanlegg eller vatn der kommunale utsleppsleidningar går gjennom.
Prøvene blir tatt for å sikre at miljøet ikkje blir påverka av menneske. Dette er meir sannsynleg i område med tett busetnad, og grunnen til at vi berre tar prøver der det bur mange menneske.

Det er først og fremst kvaliteten på vatnet vi er opptatt av, temperaturen er ei hyggeleg tilleggsoppgåve.

Veit du om ein populær badeplass i Bjørnafjorden kommune som vi bør vurdere å teste? Gi oss gjerne beskjed.

Kontakt

Hege Christine Bolstad
Telefon: 56 57 53 82
Mobil: 952 17 036
Til toppen