Treng du nokon å snakke med?

Er du engsteleg eller bekymra? 
Slit du med einsemd og vanskelege tankar? Ring Bjørnafjorden kommune sin støttetelefon på 906 50 885 eller chat med oss

Har du spørsmål om korona?
Ring smitteverntelefonen vår på 56 57 57 57 eller send e-post til smittevern@bjornafjorden.kommune.no

Er du sjuk og treng legehjelp?
Kontakt fastlegen din. Har du behov for akutt helsehjelp og ikkje får kontakt med fastlegen, ring legevaktsentralen 116117

Informasjon om koronavirus-situasjonen i Bjørnafjorden finn du på bjornafjorden.kommune.no/koronavirus

På helsenorge.no finn du oppdatert informasjon, fakta, råd og tiltak. Read advice and information in English about the coronavirus COVID-19


Oversikt over kommunale tenester og tilbod i Bjørnafjorden i koronaperioden

 

25-26. mars: Oppdatert - Stengt veg Svegane

Klikk for stort bileteOppdatert: Vegen til Svegane er åpna igjen onsdag ettermiddag. Det vil kun bli behov for stenging i korte periodar på torsdag 26. mars.

____________________

Vegen til Svegane vert stengt for biltrafikk: Onsdag 25. og torsdag 26. mars, kl. 08:00 - 15:00. 

Vegen må stengast grunna arbeid med tilknytning av spillvassleidning i vegen ved brua.

Bebuarar som skal bruke bilar i denne perioden, kan parkere på Ulvensletta vis a vis vakten eller i Ulvenparken.

Kontaktperson på prosjektavdelinga: Siril Langhelle, tlf. 99 25 04 38

Til toppen