Vi beklagar at alt ikkje er på plass enno....

Tekniske utfordringar gjer at du dessverre ikkje får opp telefonnummer når du søker etter tilsette i Bjørnafjorden kommune, berre e-postadresse. Ring sentralbordet på 56 57 50 00 for å bli sett over.
Nokre av søknadsskjemaa er heller ikkje på plass enno. Vi beklagar, og jobbar så raskt vi kan for å få alt til å fungere som det skal. Hastar det? Send ein e-post 

Introduksjonsprogram for flyktningar

Flyktningar som vert busette i Bjørnafjorden kommune etter avtale med Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI), har rett og plikt til å delta i introduksjonsprogrammet.

Dersom du buset deg utan at det er avtalt med kommunen, mistar du retten til å delta i introduksjonsprogrammet og får ikkje introduksjonsstønad.

Korleis få tilbodet?

Ta kontakt med NAV Bjørnafjorden for råd, rettleiing og for å søkje om deltaking i introduksjonsprogrammet.

Kva går introduksjonsprogrammet ut på?

Gjennom programmet vil du lære norsk og få kunnskap om det norske samfunnet. Du vil òg få prøve deg i arbeidslivet. Målet med introduksjonsprogrammet er å hjelpe deg ut i jobb eller utdanning, slik at du kan klare deg sjølv økonomisk.

Til toppen