Vi beklagar at alt ikkje er på plass enno....

Tekniske utfordringar gjer at du dessverre ikkje får opp telefonnummer når du søker etter tilsette i Bjørnafjorden kommune, berre e-postadresse. Ring sentralbordet på 56 57 50 00 for å bli sett over.
Nokre av søknadsskjemaa er heller ikkje på plass enno. Vi beklagar, og jobbar så raskt vi kan for å få alt til å fungere som det skal. Hastar det? Send ein e-post 

Søk om kommunal bustad

Du kan leiga kommunal bustad av Bjørnafjorden kommune dersom du oppfyller desse krava for tildeling av utleigebustad. (PDF, 32 kB)

 

Slik søkjer du

Les dette før du søkjer

Du må legga ved følgjande dokumentasjon:

  • Løns - eller trygdeslipp for dei to siste månadene for alle personar i husstanden.
  • Dokumentasjon av eventuelle andre inntekter: til dømes barnebidrag, kontantstøtte, bustøtte, forsikringsutbetalingar, studielån, næringsinntekt.
  • Dokumentasjon på faste utgifter, til dømes husleige, barnepass/barnebidrag.
  • Dokumentasjon av gjeld: kopi av låneavtale og aktuelt terminbeløp.
  • Utskrift av sjølvmelding eller likning for alle i husstanden (ikkje likningsattest).
     
  • Dokumentasjon ved eventuell oppseiing av leigeforhold.
     
  • Viss du er utanlandsk statsborgar: legg ved ved kopi av pass og busettingsløyve (brev frå UDI).
  • Dokumentasjon på sosiale, helsemessige eller andre tilhøve som du meiner kan ha betydning for søknaden.
     
  • Du må vera fylt 18 år, og ha budd i Bjørnafjorden kommune dei siste to åra. Vi kan gjera unntak dersom du har ei særleg tilknytning til Bjørnafjorden kommune, og kan visa til eit stort behov for å bu i kommunen.
  • Du og dei andre i din husstand må ikkje ha inntekt, formue eller anna som gjer deg i stand til sjølv å skaffa eigna bustad. Ved behov for spesialtilpassa bustad, tildeler vi etter samla vurdering av inntekt og funksjonsevne.
  • Bjørnafjorden kommune kan stilla krav om at du tek imot hjelpetiltak, slik som butrening, buoppfølgjing eller liknande. Dersom du har brote tidlegare husleigekontrakter, samarbeidsavtalar eller har gjeld til Bjørnafjorden kommune, kan søknaden om kommunal bustad bli avslått.

Dersom krava over er oppfylde, vurderer og vektlegg vi følgjande: 

  • Du må vera utan eigna bustad eller dokumentera tvingande grunnar til å flytta frå noverande bustad.
  • Du har grunna helsmessige eller sosiale tilhøve behov for endring av noverande butilhøve.
Du får vanlegvis tildelt bustad med treårig husleigekontrakt. Når kontraktsperioden nærmar seg slutten, må du søka på nytt. Dersom du framleis oppfyller krava for tildeling av kommunal bustad, vil du få tildelt bustad på nytt.
 

Dersom du ikkje har mogelegheit til å søka digitalt, kan du lasta ned fylla ut dette skjemaet (PDF, 84 kB).

Til toppen