Dette er Bjørnafjorden kommune

Klikk for stort bilete Google Maps Bjørnafjorden kommune ligg vakkert til ved fjorden den har fått namnet sitt frå, 40 minutt sør for Bergen.
Her finn du fjell, fjordar og fossar. Du finn også levande kultur og historie, skisenter, badeland, ein fantastisk skjærgard, lune gjestehamner, yrande båtliv og godt fiske. 

Bjørnafjorden kommune såg dagens lys 1. januar 2020, etter samanslåinga av kommunane Os og Fusa. Bjørnafjorden har i underkant av 25 000 innbyggarar, og rundt 1800 kommunalt tilsette.

Sjå kart

Folk

  • Folketal: 25 049 (siste kvartal 2020)
  • Vanlegaste fornamn: Jan, Hans, Anne
  • Vanlegaste etternamn: Haugland, Lyssand, Holmefjord

Areal

  • Areal: 519  km2
  • Ferskvatn: 30 km2
  • Kystline: 355,3 km
  • Grenser til: Bergen, Samnanger, Kvam, Tysnes, Kvinnherad
  • Høgaste fjell: Tveitakvittingen (1299 m.o.h.)
  • Største innsjø: Skogseidvatnet 5,28 km2

Næringsliv

  • 1093 bedrifter
  • 12 gasellebedrifter (2020)

Hus og hytter

  • 7455 einebustader, 869 leilegheiter
  • 2,39 personar i kvar husstand
  • 1582 hytter

Veg

  • 171 km kommunal veg
  • 148 km fylkes- og riksveg

Skule og barnehage 

  • 17 barneskular (14 kommunale, 3 private), 3 ungdomsskular og 4 vidaregåande skular (3 fylkeskommunale, 1 privat)

  • 24 barnehagar (8 kommunale, 16 private)

Kyrkjer

  • 7 kyrkjebygg
  • 13 kyrkjegardar

Fritid

  • Over 265 frivillige lag og organisasjonar registrerte i Frivillighetsregisteret
  • 3 svømmehallar, 6 innandørs hallar/gymnastikksalar, 18 fotballbanar, 23 ballbingar, 11 sandvolleyballbanar, 7 skytebanar, 1 friidrettsanlegg, 1 motorcrossbane, 2 lysløyper, 2 skiskyttaranlegg, 1 ridehall

Administrasjon

  • Tilsette i kommunen: Om lag 1700
  • Administrasjonsmålform: Nynorsk
  • Kommunesenter: Osøyro

Attraksjonar

Natur- og friluftsliv

30 friluftsområde: Turområde, badeplassar, båthamner osb.:

Bibliotek

To folkebibliotek: Eitt på Os og eitt i Eikelandsosen

  • 36 000 titlar i boksamlinga i Os, 21 000 i Eikelandsosen
  • 51 892 besøk på Os folkebibiliotek i 2018 – meir enn to besøk per innbyggar!
  • 42 000 utlån av bøker og andre medium i Os i 2018
Til toppen