Velkommen til Os gjestebrygge!

Klikk for stort bilete 

Ved gjestebrygga i Os hamn kan små- og fritidsbåtar legge til i sonene som er markerte med grønt på kartet. I soner som er prioriterte for næringsbåtar, vil gjestar kunne bli bedne om å flytte seg.

Dusj og toalett

Nøkkel til servicebygget får du låne hos Peppes Pizza.

Pris

Hamneavgift for Os gjestehamn er kr 150,- per døgn for opphald mellom 00.00 og 08.00.

Slik betalar du

Du kan enkelt betale hamneavgift i Os gjestehamn via appen GoMarina. Last ned GoMarina frå Google Play eller App Store. Du kan òg betale hamneavgift i automaten på brygga eller bubilparkeringa på Haugsneset.

 

Til toppen