Dette må du ha klart før du går vidare
1. Finn eigedomen din i webkartløysinga Kommunekart. (Merk: Du må søke i "gamle" Os og Fusa kommunar fram til kartløysinga for Bjørnafjorden er på plass).
- Søk etter adresse, stad eller eigedom i søkefeltet. Sjå rettleiar for bruk av webkartløysinga. (PDF, 1024 kB) Vel "Kartlag", og hak av for å sjå reguleringsplanar, kommunedelplan og kommuneplan.
- Står det noko om kor stort du kan bygge på eigedomen din (utnyttingsgrad) i reguleringsplanen, kommuneplanen eller kommunedelplanen? (Dette skal vere oppgitt i BYA eller %BYA, BRA eller %BRA, %TU eller T-BRA)
Finn du ikkje fram i kartløysinga? Send ein e-post til byggesak@bjornafjorden.kommune.no med adressa og/eller gards- og bruksnummer til den aktuelle eigedomen, så hjelper vi deg.
2. Finn talet på kor mange parkeringsplassar det er krav til at du har i terrenget (ikkje i garasje) på eigedomen din, og kor stor kvar plass må vere i gjeldande parkeringsnorm (PDF, 2 MB).
3. Finn informasjon om eigedomen din på seeiendom.kartverket.no. I grunnboka ser du grunndata og eventuelle hefte på eigedomen din.
Har du funne dei opplysningane du treng? Då er det berre å starte rettleiaren. Du får hjelp til kvart spørsmål undervegs.
Start rettleiaren: Kor stort kan du bygge?