Kontakt byggesaksavdelinga

Send e-post 

Send e-post til byggesak@bjornafjorden.kommune.no, så svarar vi gjerne på spørsmåla dine. Viss vi treng meir informasjon for å kunne gi deg eit godt svar, tar vi kontakt.

Telefontider

I veke 27-32 har byggesak desse telefontidene:

  • Måndag kl. 12-14.30
  • Onsdag kl. 12-14.30
  • Fredag kl. 9-11.30 

Dersom du ringer Kommunetorget på 56 57 50 00 til desse tidene og ber om å få snakke med Byggesak, blir du sett over til den som har vakt. 

Tysdag og torsdag er telefonen stengt. 

Førebu møtet, spar tid

Treng du eit  møte med saksbehandlar? 

Det mest effektive, både for deg som innbyggar og for saksbehandlarane, er at du ringer inn i god tid på førehand og avtalar tid for rettleiing.

Dersom du ringer eller møter opp på utan avtale utanom desse tidene, kan Kommunetorget ta i mot beskjed. Legg igjen namn, telefonnummer, adresse, gards- og bruksnummer og kva saka gjeld. Kommunetorget melder vidare, og ein saksbehandlar tek kontakt med deg. 

Du finn telefonnummer og e-postadressar til alle saksbehandlarar og leiarar på bjornafjorden.kommune.no. I konkrete saker kan du ta direkte kontakt innanfor normal arbeidstid med den som behandlar saka di.

Til toppen