Vi beklagar at alt ikkje er på plass enno....

Tekniske utfordringar gjer at du dessverre ikkje får opp telefonnummer når du søker etter tilsette i Bjørnafjorden kommune, berre e-postadresse. Ring sentralbordet på 56 57 50 00 for å bli sett over.
Nokre av søknadsskjemaa er heller ikkje på plass enno. Vi beklagar, og jobbar så raskt vi kan for å få alt til å fungere som det skal. Hastar det? Send ein e-post 

Kor stort kan du bygge?

Det er grenser for kor stort du kan bygge på tomta diFor å finne utnyttingsgraden på di tomt ved hjelp av rettleiaren frå Direktoratet for byggkvalitet, må du først vite om eigedomen din er regulert, om det står noko om tillatt utnyttingsgrad i reguleringsplanen og om det står noko i andre kommunale planar og normer som har innverknad på reguleringsplanen og kva du har lov til å gjere på eigedomen din.

Dette må du ha klart før du går vidare

1. Finn eigedomen din i webkartløysinga Kommunekart. (Merk: Du må søke i "gamle" Os og Fusa kommunar fram til kartløysinga for Bjørnafjorden er på plass).

  • Søk etter adresse, stad eller eigedom i søkefeltet. Sjå rettleiar for bruk av webkartløysinga. (PDF, 1024 kB)  Vel "Kartlag", og hak av for å sjå reguleringsplanar, kommunedelplan og kommuneplan.
    • Står det noko om kor stort du kan bygge på eigedomen din (utnyttingsgrad) i reguleringsplanen, kommuneplanen eller kommunedelplanen? (Dette skal vere oppgitt i BYA eller %BYA, BRA eller %BRA, %TU eller T-BRA)

Finn du ikkje fram i kartløysinga? Send ein e-post til byggesak@bjornafjorden.kommune.no med adressa og/eller gards- og bruksnummer til den aktuelle eigedomen, så hjelper vi deg.

2.  Finn talet på kor mange parkeringsplassar det er krav til at du har i terrenget (ikkje i garasje) på eigedomen din, og kor stor kvar plass må vere i gjeldande parkeringsnorm (PDF, 2 MB).

3. Finn informasjon om eigedomen din på seeiendom.kartverket.no. I grunnboka ser du grunndata og eventuelle hefte på eigedomen din.

Har du funne dei opplysningane du treng? Då er det berre å starte rettleiaren. Du får hjelp til kvart spørsmål undervegs.

Start rettleiaren: Kor stort kan du bygge? 

Til toppen