Nyttige ord og uttrykk når du skal søke/bygge

I artiklar, lovar og forskrifter om bygging, søknader og løyve møter ein på faguttrykk. Kva betyr dei, eigentleg?

Ord og uttrykk i byggesaker

Ansvarleg søkar

Ansvarleg søkar er ansvarleg for at søknaden inneheld nødvendige opplysningar, for å samordne dei ansvarlege prosjektarende, utførande og kontrollerande, og for å sjå til at det er klart kven som har ansvar for alle oppgåver. 

Søknadar av ein viss kompleksitet krev at du brukar et føretak som står som ansvarleg søkar. 

Byggegrense

Byggegrenser er grenser det ikkje er lov til å bygge over. Dersom ei regulert byggegrense ikkje er oppgitt mot veg, gjeld byggegrensene i veglova. Byggegrensa ivaretar krav til vegsystemet og trafikken med omsyn til vedlikehald, drift, brøyting og sikkerheit. Det inkluderer òg krav til fri sikt og arealbehov ved mogeleg vegutviding.

Arealet utanfor ei byggegrense skal i utgangspunktet ikkje byggast på. Du må søke om dispensasjon dersom du ønsker å plassere noko over ei regulert byggegrense. Der grensa følger av veglova er det kommunalteknikk som gir løyve.   

Dispensasjon

Ein dispensasjon er eit særskilt løyve gitt på bakgrunn av ein skriftleg søknad til å kunne fråvike frå bestemmingar i plan- og bygningslova, forskrifter, reguleringsplan eller bestemmingar. Ein dispensasjon kan bli gitt som varig eller mellombels og det kan knyttast vilkår til dispensasjonen.

Førehandskonferanse

Førehandskonferanse er ei frivillig ordning for å avklare føresetnader for byggetiltaket, og rammene for den vidare saksbehandlinga. Førehandskonferanse kan nyttast ved alle typar tiltak etter plan- og bygningslova. For tiltak som du sjølv kan søke om løyve til, kan du møte kommunen aleine. For tiltak som krev at du engasjerer et firma for å ta seg av søknadsprosessen, bør du ha med deg firmaet til møtet. Kommunen har ansvar for å føre referat frå førehandskonferansen.
Ta kontakt med kommunen for bestilling av førehandskonferanse.

Gesims og gesimshøgd

Gesimshøgd er høgd til skjæringa mellom ytterveggens ytre flate og takflata. Der taket har eit takoppbygg eller parapet som stikk meir enn 0,3 meter opp over takflata, blir høgda rekna til toppen av takoppbygget/parapetet. Gesimshøgd blir målt i forhold til gjennomsnittsnivået på ferdig planert terreng rundt bygninga.

Takopplett og arkar kan gi tellande gesims. Sjå side 44-47 i rettleiaren Grad av utnytting, bereknings- og målereglar for meir utfyllande skildringar.

Grad av utnytting

Grad av utnytting angir kor stor del av tomta du kan bygge på. Det finst fleire ulike berekningsreglar for grad av utnytting. Type berekningsregel og tillatt grad av utnytting står i reguleringsplanen.

% BYA (Prosent bebygd areal)

BYA angir forholdet mellom bebygd og ubebygd del av tomta (som er avsett til bygningar). Prosent bebygd areal angir det arealet i prosent av tomten som bygningar, overbygde opne areal og konstruksjonar over bakken opptar av terrenget. 

Område på tomta avsett til anna føremål, som grønnstruktur, LNFR-føremål og samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur blir ikkje rekna med i tomtearealet, og inngår dermed ikkje i grunnlaget for berekning av utnyttingsgrad.

Denne informasjonen er ikkje uttømmande. Sjå side 24 i regjeringa sin rettleiar om utnyttingsgrad for meir informasjon om berekninga.

Målestokk

Målestokk på eit kart fortel oss om forholdet mellom den avstanden vi måler på kartet, og reell avstand i terrenget.

1:500 = 1 cm på kartet tilsvarar 500 cm i røyndomen.
1:100 = 1 cm på kartet tilsvarar 100 cm i røyndomen.

Påbygg

Påbygg er ein ny bygningsdel som bli plassert på ein eksisterande konstruksjon. Ein ny etasje, eller heving av taket, er eit typisk påbygg. Du må søke med hjelp frå fagfolk dersom du skal bygge eller rive eit påbygg.

Reguleringsplan

Reguleringsplanen fastset korleis området kan brukast og kva som kan byggast der. Reguleringsplanen har ofte skriftlege bestemmingar som seier meir om hva som kan byggast i området. Kartet og dei skriftlige bestemmingane utgjer reguleringsplanen. Planen gir informasjon om kva formål eigedommen har, for eksempel bustad, friområde eller veg, og kor høgt og stort du kan bygge. Hvis du planlegg å bygge på ein eigedom, må du undersøke reguleringsplanen.  

Terrasse, balkong, altan og takterrasse

Altanen er ein ikkje-overbygd opphaldsplass på tak. Altanen kan òg vere understøtta av søyler eller stolpar. Slike uteområde på tak blir òg kalla takterrasse. Ettersom ordet terrasse kjem frå det latinske ordet for jord, terra, kan ein seie at utrykket er noko misvisande, men i daglegtalen blir takterrasse blir brukt i større grad en altan.

Balkongen kragar ut frå ein husfasade, utan understøtte frå bakken. Balkongen kan bærast av bjelkar som er utkraga fra golvet innanfor, eller av konsollar.

Terrassen ligg oftast på bakkeplan. Frå terrassen er det vanlegvis inngang til stova og trapp til nedanforliggande hage.

Verandaen er ein open eller overbygd opphaldsplass som tilbygg til hus. Taket på verandaen kan vere understøtta av stolpar. Frå verandaen kan du som regel gå rett inn i stuova eller gå ned trappa til hagen.

Kva som skil altan, balkong, terrasse og veranda opptar mange. Hos Språkrådet kan du lese meir om kvar orda kjem frå.

Tilbygg

Tilbygg er ei utviding av ei bygning si grunnflate.

Tiltak

Tiltak er ei fellesnemning på alt arbeid etter plan- og bygningslova (bygging, riving, bruksendring og anleggsarbeid).

Merk at tiltaksomgrepet slik det er definert for planreglane i pbl. § 1-6, er vidare enn tiltaksbegrepet etter byggesaksreglane. Tiltaka som er omfatta av byggesaksreglane framgår av pbl. § 20-1.

Til toppen