Førehandskonferanse og rettleiing?

Om du skal bestille førehandskonferanse eller rettleiing kjem an på omfanget av tiltaket du skal søke om. 

Bestill førehandskonferanse

Førehandskonferanse er ei frivillig ordning for å avklare føresetnader for byggetiltaket du ønsker å gjennomføre, og rammene for den vidare saksbehandlinga. Førehandskonferanse kan nyttast ved alle typar tiltak etter plan- og bygningslova, men behovet for førehandskonferanse er størst ved tiltak som krev ei meir omfattande prosjektering.
For tiltak som du sjølv kan søke om løyve til, kan du møte kommunen aleine. For tiltak som krev at du engasjerer et firma for søknaden, bør du ha med deg firmaet til møtet.
Kommunen har ansvar for å føre referat frå førehandskonferansen. Førhandskonferanse er gebyrbelagt. 
Send inn dette skjemaet for å bestille førehandskonferanse (Lenke når skjemaet er klart) 

Bestill avtale for rettleiing

I mindre kompliserte byggesaker tilbyr byggesaksavdelinga rettleiing på telefon eller Teams. Dersom du treng rettleiing i ei enkel sak, kan du bestille telefonavtale eller digital avtale med saksbehandlar.  

Til toppen